Nordlands Framtid var ei dagsavis som vart utgjeven i Bodø i Nordland. Avisa kom ut med den første utgåva si 29. september 1910 under namnet Saltens Framtid. Siste utgåva kom ut 16. februar 2002. Avisa vart lagd ned samstundes med konkurrenten Nordlandsposten til fordel for den nye avisa Avisa Nordland.

HistorieEndra

Avisa kom frå starten ut i Sulitjelma ein gong kvar veke. Bak avisa stod fagrørsla, og avisa skulle vere ei motvekt til dei to borgarlege avisene Salten og Saltværingen, og dessutan den borgarlege avisa i Bodø, Nordlandsposten. Søndre Salten Arbeidarparti overtok avisa i 1912, samstundes som det vart starta ein debatt om avisa burde flytte til Bodø og bli fylkesavis. Avisa kom med første Bodø-utgåva 1. juli 1913. 1. april 1914 bytta avisa namn til Nordlands Social-Demokrat og kom ut med to aviser i veka, onsdag og laurdag.

I 1920 kom ho ut med tre nummer for veka, og avisa fekk i 1922 namnet Nordlands Fremtid samstundes som dei andre arbeidaravisene i landet òg fjerna namnet «Social-Demokrat» frå avisnamnet. I 1945 vart namnet endra til Nordlands Framtid.

Mot slutten på 1930-talet opplevde avisa ein sterk vekst under leiing av forretningsførar Johan Ona og var nær ved å ta igjen Nordlandsposten i opplag.

Lokala til avisa vart bomba av tyske styrkar i mai 1940 og forsøk på å ta opp att utgjevinga vart stansa av okkupasjonsmakta. Siste avisa før stansen kom ut 27. mai 1940, og første etterkrigsavis kom ut 16. mai 1945.

Avisa gjekk over til tabloidformatet og trykking i offset i 1967. I heile etterkrigstida låg Nordlandsposten føre Nordlands Framtid i opplag, og dei to avisene følgde kvarandre tett. Nordlands Framtid fekk eit lite tilbakeslag i 1972 som ei følgje av EF-kampen.

I 1984 la avisa om layoutein og fekk eit meir moderne preg, og det var starten på ei utvikling som auka utbreiinga til avisa, særleg i Bodø-området, der avisa stod svakare enn i Fauske. Medverkande var òg eit systematisk abonnementssal via telefon og eit effektivt annonsesal. På annonsesida vart avisa større enn Nordlandsposten to år før avisa passerte konkurrenten i opplag.

I 1989 passerte avisa for første gongen sin argaste konkurrent, Nordlandsposten, i opplag. Konkurransen mellom dei to avisene var knallhard og vart ofte omtalt som den hardaste aviskrigen i landet.

Nordlands Framtid i 1990 var med på etableringa av aviskonsernet A-pressen. var allereie partibindingane borte. Ein eigen nettutgåve vart lansert i 1997. Alt på slutten av 1990-talet vart dei første ideane om eit avissamarbeid i byen lansert.

I desember 2001 vart eigarane av Nordlands Framtid og Nordlandsposten, høvesvis A-pressen og Harstad Tidende-gruppen, samde om å starte ei ny avis i Bodø som skulle erstatte dei to tidlegare konkurrentane.

Den nye avisa, Avisa Nordland, kom med den første utgåva si 18. februar 2002.

Ansvarleg redaktørEndra

OpplagEndra

  • 1947: 5100
  • 1952: 6456
  • 1960: 7451
  • 1966: 9807
  • 1972: 11 300
  • 1978: 13 287
  • 1984: 15 111
  • 1986: 16 307
  • 1988: 17 905
  • 1990: 19 609
  • 1992: 20 238
  • 1993: 20 751
  • 1994: 21 094
  • 1995: 21 268
  • 1996: 21 041
  • 1997: 20 828
  • 1998: 20 257
  • 1999: 20 092
  • 2000: 19 337
  • 2001: 19 342

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra