Jan Devik

norsk musikar

Jan Ivar Bjerkan Devik (fødd 1. august 1954) er ein norsk musikar, låtskrivar, arrangør og produsent.

Jan Devik
Fødd1. august 1954
Død13. oktober 2019 (65 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Jan Devik tok over som bassist i Prudence i 1975, og deltok på plata Takk te dokk, som selde til sølvplate (over 15 000 eksemplar), og som Prudence vart tildelt Spellemannprisen for i klassa popmusikk. Han deltok òg på bandet sitt avskjedskonsert den 11. desember 1975. Denne vart seinare gjeve ut som dobbelalbum med namnet 11/12-75.

Han har mellom anna vore bassist i Junipher Greene, Folque, Janus, div. prog./jazzrock, Terje Tysland sitt Oh-la-la-lag, der han spelte bass saman med Kaare Skevik, og Helge Grøslie frå Junipher Greene på Terje sine to første solo-LP-ar. Han var aktiv studiomusiker på ei rekkje plateproduksjoner frå 1975, og deltek enno i diverse samanhengar.

Devik gav i 1982 ut solo-LP-en Spark på eige selskap, RRM. I 2007 gav han ut singelen «Olav Trygdvason». Han arbeider i musikkforlaget RRM saman med Bård Ingebrigtsen.

Diskografi endre

Soloutgjevingar endre

Album
  • Spark (1982)
Singlar
  • Olav Trygdvason (2007)

Andre utgjevingar endre

Med Prudence
Med Åge Aleksandersen
Med Terje Tysland
Andre plateutgjevingar

Kjelder endre