Prudence

norsk rockeband

Prudence var eit rockeband frå Namsos som bestod av Åge Aleksandersen, Terje Tysland, Johan Tangen, Kjell Ove Riseth, Kaare Skevik og Per Erik Wallum. Frode Viken, seinare kjend frå mellom anna DDE var òg innom som bassist i ein liten periode etter at Riseth mista tre fingrar på venstrehanda i ei sagulukke og måtte slutte i bandet, før han vart erstatta av Jan Devik.

Prudence
AliasWhoopee Choop
OpphavNamsos i Noreg
Aktiv19691975
SjangerRock
Progrock
Siste medlemmerÅge Aleksandersen
Terje Tysland
Johan Tangen
Kaare Skevik
Per Erik Wallum (død 1990)
Jan Devik
Tidlegare medlemmerKjell Ove Riseth
PrisarSpellemannprisen for årets gruppe

Historia endre

Bandet skifta namn frå Whoopee Choop i 1969 og skapte omgrepet trønderrock då journalisten Bertil Lien frå Adresseavisen spurte dei om det var det dei spelte. Bandet var sterkt inspirert av store internasjonale musikkstjerner på den tida som The Beatles, Bob Dylan, The Band og Jethro Tull. Sjølve bandnavnet var henta fra Beatles-låten «Dear Prudence». «Sawmill», «Mild Grey Fog», «Freezing», «14 pages», «Tomorrow May Be Vanished» og «Æ e trønder æ» er nokre av dei mest kjende songane til bandet.

Inspirasjonen til å skrive eigne tekster fekk Åge Aleksandersen frå læraren og trønderlyrikaren Even Lorch-Falch.[1] Etter brotet var det indre stridar, spesielt mellom Åge Aleksandersen og Terje Tysland som ikkje snakka saman på seks år. Feire av medlemmene starta etterpå solokarriere, fleire med stort hell.

Bandet fekk Spellemannprisen 1975 i klassen pop for albumet Takk te dokk. Bandet vart samla att for ein konsert i 1980 og i 1996 vart dei nok ein gong samla under ei sending av Tore på sporet. Fredag den 23. april 2010 samlast Johan Tangen, Åge Aleksandersen og Kjell Ove Riseth som Prudence igjen for å hylle Per Erik Wallum i Samfunnshuset i Namsos. I tillegg til Prudence vart òg Rollaug og Nabolaget samla for å hylle Wallum. Den 11. november 2011 vart Prudence igjen samla i samband med opninga av Rock City i Namsos.

Medlemmar endre

Tidlegare medlemmar endre

Managerar endre

Diskografi endre

Singlar endre

Studioplater endre

Konsertplater endre

Samleplater endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Fremmed fugl, biografien om Åge. Han er ført i pennen av forfattar og journalist Johan O. Jensen og kom ut i 1988.