Jan Einar Thorsen (fødd 31. august 1966) er ein norsk tidlegare alpinist. Han tok bronsemedaljen i super-g under vinter-OL 1992 i Albertville og vann FIS-pokalen for nemnde disiplin i verdscupen i alpine greiner 1994. Thorsen var medlem av Voss Idrottslag.

Jan Einar Thorsen
Fødd 31. august 1966 (54 år)
Bærum
Yrke alpinist

AktivEndra

Thorsen deltok i verdscupen frå 1987 til 1994. Han fekk sitt gjennombrot midt i desember 1987 då han vart nummer fire i eit utforrenn i Gherdeina. Fyrst under OL 1992 i Albertville oppnådde han sin fyrste pallplass i kamp mot verdseliten. Her erobra han bronsemedaljen i super-G. Nokre veker seinare kom han på pallen også i eit verdscuprenn, då han vart nummer tre i super-g i japanske Morioka. Berre seks dagar var gått og han var komen over Stillehavet og kunne klive opp på andreplassen etter ei utfortevling i Panorama i British Columbia.

Thorsen tok sin fyrste av tre verdscupsigrar i Val-d'Isère i byrjinga av desember 1992, ei super-g-tevling. Dei to neste triumfane kom vinteren 1994; i januar vann han storslalåm i Crans-Montana og i mars super-g i Vail i delstaten Colorado. Inn i mellom dei siste verdscupsigrane kom han på fjerdeplass i super-g under vinterleikaneLillehammer. Thorsen var likevel den beste super-g-utøvaren i verdscupen 1994.

Ein kneskade gjorde at 1994-sesongen vart han siste.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.