Jan Fischer

tsjekkisk politikar

Jan Fischer (fødd 2. januar 1951) er ein tsjekkisk økonom og statistikar som var statsminister i Tsjekkia frå 8. mai 2009 til 28. juni 2010.

Jan Fischer

Fødd2. januar 1951 (73 år)
Praha
Statsborgar avTsjekkia
PartiDet tsjekkoslovakiske kommunistpartiet (1980; 1990)
Yrkepolitikar, statistikar, samfunnsøkonom
InstitusjonarPrahas økonomiske universitet
Utdanna vedPrahas økonomiske universitet
Gymnázium Christiana Dopplera
FarOtto Fischer
EktefelleDana Fischerová
BarnJakub Fischer, Jan Fischer
VervStatsminister i Tsjekkia 2009-2010
FøregangarMirek Topolánek
EtterfylgjarPetr Nečas
Alle verv
  • Tsjekkias statsminister (2009–2010)
  • Finance Minister of the Czech Republic (2013–2014)
  • Deputy Prime Minister of the Czech Republic (2013–2014) Sjå dette på Wikidata

Fischer vart fødd i Praha i ein jødisk familie. Han fullførte utdanninga si ved det økonomiske universitetet i Praha i 1974. Frå 1980 til 1989 var han medlem i Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet. Etter studiet jobba han i det tsjekkoslovakiske statistiske sentralbyrået, som han var leiar for frå 1990 til splittinga av landet i 1993. I april 2003 vart han leiar for det statistiske sentralbyrået i Tsjekkia (Český statistický úřad).

Etter at regjeringa til Mirek Topolánek fall i mars 2009 fekk Fischer i oppdrag å skipa ei partiuavhengig regjering av ekspertar, som skal styra fram til det blir halde nyval i oktober 2009. Regjeringa vart innsett den 8. mai. Fischer overtok dermed òg den rullerande stillinga som formann for Det europeiske rådet fram til 30. juni 2009.

Fischer er gift og har tre born.