Opna hovudmenyen

Jan Halvor Halvorsen

norsk fotballspelar

Jan Halvor Halvorsen (fødd 8. mars 1963) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar. Han er i dag (2013) hovudtrenar for Bodø/Glimt.

Jan Halvor Halvorsen
Personleg informasjon
Fødd8. mars 1963 (56 år)
FødestadBamble
SpelarposisjonMidtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande klubbLagt opp
Ungdomskarriere
1976-Pors
Seniorspelar*
ÅrLagKmp (mål)
?Pors0? (?)
1983-1985Eik Tønsberg47 (1)
1986Jerv0? (?)
1987-1988Brann42 (1)
1989Start08 (0)
1989-1992Hertha Berlin74 (5)
1992-1994AGF Århus67 (1)
1994Sogndal11 (0)
1995-1996Rosenborg00 (0)
1996Byåsen IL0? (?)
Landslag
1989-1990Noreg05 (0)
Trenarlag
1996-1998Byåsen IL
1999-2002Start
2003-2004Sogndal
2005GIF Sundsvall
2006-2009Notodden FK
2011-2012New York Red Bulls (assistent)
2013Bodø/Glimt
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Han debuterte for Pors Grenland i 1. divisjon som 15-åring i 1978.[1] I løpet av den aktive karrieren sin spelte han for Pors, Eik, Brann, Start, Hertha Berlin, Sogndal, AGF Århus og Rosenborg.

Halvorsen fekk fem landskampar for Noreg.[2]

Etter den aktive karrieren vart Halvorsen trenar i Byåsen, før han drog vidare til Start, Sogndal, GIF Sundsvall og Notodden Fotballklubb. I den første sesong som Notodden-trenar førte han laget opp frå 2. til 1. divisjon. Halvorsen avslutta hausten 2012 ein toårskontrakt som assistent i New York Red Bulls. På ein forseinka pressekonferanse 19. desember 2012 vart Halvorsen presentert som ny hovudtrenar for Bodø/Glimt.[3]

KjelderEndra

  1. «Jan Halvor tilbake i byen». Porsgrunns Dagblad. 29. juni 2004. Arkivert frå originalen 2009-08-10. Henta 22. mai 2013. 
  2. «Jan Halvor Halvorsen». 2001. Arkivert frå originalen 2009-08-10. Henta 22. mai 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  3. Glimt-trener er klar, an.no