Jan Henrik Olstad

Jan Henrik Olstad (4. april 191419. juli 2010) var ein norsk offiser, frimurar, historikar og statsarkivar. Han var fødd på Lillehammer.

Jan Henrik Olstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1914
Død

19. juli 2010 (96 år)

Yrke historikar
Språk norsk

Etter artium i 1933 tok han befalsskule, og hadde sett seg ut ei karriere som forstmann, men valde filologisk studium. Han vart cand. philol. i 1941 med hovudfag i historie. Frå 1938 hadde han arbeidd i Riksarkivet som arbeidshjelp og vikar. Han vart tilsett som arkivar i Riksarkivet i 1941, og utnemnd til førstearkivar i 1947. Han var statsarkivar i Hamar frå 1961, og vart der til han pensjonerte seg hausten 1983.

Jan H. Olstad tenestegjorde som fenrik ved 6. Kompani av Nøytralitetsvaktbataljonen under dei harde kampane mot tyske invasjonsstyrkar på Strandlykkja i april 1940. Han kom tidleg med i motstandsarbeid, og vart arrestert 26. august 1944. Han sat i Møllergata 19 til han 2. desember 1944 vart overført til Grini, og sat der til freden kom. Som offiser og historikar vart han oppnemnd som sekretær for den militære undersøkelseskommisjonen, nedsett ved kgl. res. 25. januar 1946 for å sjå på ”militære myndigheters forhold før og under felttoget i Norge i 1940”. Han var sekretær til han i 1947 vart utnemnd til embetet som førstearkivar i Riksarkivet.

Publikasjonar endre

Jan H. Olstad har publisert:

  • Folketælling 1. Februar 1801 ifl. Reskr. 28. November 1800 : [registratur], (1942),
  • Med hjul over Mjøsa gjennom hundre år : D/S Skibladner 1856-1956 (1956),
  • Utenriksdepartementet si How to trace your ancestors in Norway (i 9 opplag 1954-1996, samla opplag rundt 100 000),
  • Skibladner 1856-1981 (1981),
  • Det skjedde - : en dagbok fra Hamar 1849-1949 (1989),
  • Mer lys : noen trekk fra frimureriets start, vekst og utbredelse i det indre østlandsområde (1995),
  • Jan H. Olstad og Knut J. Tallhaug samtaler om bakgrunnen for opprettelsen av St. Johanneslogen St. Halvard i 1908 (1998) og
  • Skibladner : verdens eldste hjuldamper i drift (1999).

Bakgrunnsstoff endre