Jan Oddvar Skisland

norsk politikar

Jan Oddvar Skisland (fødd i 1958) er ein norsk lokalpolitikar som var ordførar for Kristiansand kommune 2003-2007, og blei gjenvald for «nye» Kristiansand kommune frå 2020.

Jan Oddvar Skisland
Fødd18. juli 1958 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti (tidl.)
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Kristiansand (2003–2007)
  • ordførar i Kristiansand (2019–2023) Sjå dette på Wikidata

Skistad blei først vald til ordførar i 2003 for Kristeleg Folkeparti. Han etterfølgde Bjørg Wallevik frå Høgre. Wallevik fekk flest personlege stemmer ved valet, medan Skisland kom på andreplass. Han blei vald til ordførar i eit valteknisk samarbeid med SV og Arbeidarpartiet, som fekk varaordføraren, Bjarne Ugland. Ved kommunevalet i 2011 gjorde Skisland comeback som lokalpolitikar, denne gong som representant for Arbeiderpartiet.

Ved kommmunevalet i 2019 var han ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i den nye storkommunen Kristiansand.[1] Skisland er ordførar i kommunen frå 1. januar 2020.

Skisland er cand.theol. og har hovudfag frå Norges Idrettshøgskole i tillegg. Før ordførarvervet i 2003 var han tilsett på Høgskolen i Agder. Skisland tok ikkje attval som ordførar, og gjekk av den 10. oktober 2007. Då blei han toppsjef i Idrettsklubben Start frå 1. januar 2008.

Som ordførar har Skisland særleg vore oppteken av trafikk i Kristiansand, der han har prøvd å finne løysingar for sykkel og kollektivtrafikk.

Kjelder endre

  1. «Derfor vil han bli ordfører igjen». Fædrelandsvennen. Henta 6. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff endre