Jan Ole Klemet Hermansen

norsk samisk politikar

Jan Ole Klemet Hermansen er ein norsk samisk politikar frå Masi i Kautokeino som frå 2020 til 2021 møtte fast på Sametinget for Senterpartiet.[1] Han vart vald som andre vara frå Ávjovárri valkrins i 2017. Då Hans Ole Eira gjekk inn i sametingsrådet i 2020, gjekk Hermansen inn som fast representant på Sametinget.

Hemansen arbeider som lærar og rektor og er elles ein habil joikar.[2] I 2019 vann han joikekonkurransen til Sametinget og NRK Sápmi.[3]

Kjelder

endre
  1. Pulk, Åse M. P., «Sametingets plenum 2017-2021 - Sametinget», sametinget.no (på norsk bokmål), henta 1. oktober 2023 
  2. Jan Ole Hermansen – Guovddášbellodaga 3. evttohas Ávjovári válgabiirres. (21. august 2017). I Ávvir.
  3. Verstad, Anders Boine & Tom Stian Tretnes Hansen & Samuel Frode Grønmo. (16. oktober 2019). Slik reagerte Jan Ole da han fikk seiersbeskjeden. I NRK.