Ávjovárri valkrins

samisk valkrins

Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 3 738 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.[1]

Ved valet i 2017 vart det vald inn åtte sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.[4]

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[5] Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.[6]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Ávjovárri valkrins

endre

Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[7]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no
  2. «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 25. februar 2019 
  3. Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene Arkivert 2019-02-26 ved Wayback Machine. den 25.2.2019.
  4. «Valgordningen og valgkretsene», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 25. februar 2019 
  5. «Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget[daud lenkje]
  6. Sametingsvalget 2009: «Ávjovári válgabiire/Ávjovári valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
  7. «Valgkrets 2 Ávjovárri», www.sametinget.no, arkivert frå originalen 26. februar 2019, henta 25. februar 2019 

Bakgrunnsstoff

endre