Yngve Hågensen
Yngve Helmer J. Hågensen (fødd 13. juli 1938 i Vardø) var leiar for Landsorganisasjonen frå 1989 til 2001.
Yngve Hågensen | |
![]() | |
Fødd | 13. juli 1938 (84 år) Vardø |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | fagforeiningsleiar |
Verv | Leiar i LO 1989–2001 |
Føregangar | Leif Haraldseth |
Etterfylgjar | Gerd-Liv Valla |
Hågensen budde på barneheim som barn, fyrst i Vardø under andre verdskrigen, seinare i Bærum. 14 år gamal starta han å jobbe som visargut i Halden, og fekk seinare jobb på Saugbruksforeningen frå 1955 til 1969. Han vart aktiv innafor idrett og som speidar, og vart rekruttert til fagforeningsarbeid. Han fekk jobb som distriktssekretær for LO i Møre og Romsdal i fire år, frå 1969 til 1973 og fekk ein liknande jobb i Oslo og Akershus. Han jobba i sekretariatet i LO frå 1977 til 1989.
BokEndra
Yngve Hågensen gav i 2004 ut boka Gjør din plikt, krev din rett! der han skriv om barndomen sin og sitt yrkesliv. I boka legg han heller ikkje fingrane imellom der han fortel om kampane mot Gro Harlem Brundtland og andre samheldstopper.
- Gjør din plikt, krev din rett! (2004) Hågensen, Yngve og Ekeberg, Jan Ove – Tiden forlag. ISBN 9788203229695
BakgrunnsstoffEndra
- Norgesdokumentasjon har intervju med Hågensen Arkivert 2005-10-29 ved Wayback Machine.