Opna hovudmenyen

Jan Peter Balkenende (fødd Jan Pieter Balkenende7. mai 1956) er ein nederlansk politikar som var statsminister i Nederland frå 22. juli 2002 til 14. oktober 2010. Han høyrer til dei nederlanske kristelegdemokratane Christen-Democratisch Appel.

Jan Peter Balkenende
Jan Peter Balkenende 2006.jpg
Fødd 7. mai 1956
Biezelinge
Yrke jurist, politikar, professor, advokat, universitetslærar
Verv Statsminister i Nederland
Periode 2002-2010
Føregangar Wim Kok
Etterfylgjar Mark Rutte
Jan Peter Balkenende på Commons

20. februar 2010 søkte han om avskjed då det nederlandske arbeidarpartiet trekte seg frå koalisjonsregjeringa hans, fordi dei ikkje ville gå med på forlenging av Nederland sitt militære engasjement i Afghanistan. Balkenende blei sitjande som statsminister fram til nyvalet i mai 2010.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.