Mark Rutte (fødd 14. februar 1967) er ein nederlandsk politikar frå Haag, som sidan 1. oktober 2024 har vore generalsekretær i Nato.[1][2]

Mark Rutte

Fødd14. februar 1967 (57 år)
Haag
Statsborgar avKongeriket Nederlanda
Yrkepolitikar, historikar, lærar
InstitusjonarUnilever
Calvé
Utdanna vedUniversitetet i Leiden
International Institute for Management Development
Alle verv
  • Nederlands statsminister (2010–2024)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (2003–2003)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (2006–2010)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (2012–2012)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (2017–2017)
  • Nederlands statssekretær for sosiale affærer og arbeide (2002–2004)
  • State Secretary for Education, Culture and Science (2004–2006)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (2021–2022)
  • Formateur (2012–2012)
  • Formateur (2017–2017)
  • Formateur (2010–2010)
  • Minister of General Affairs (2010–2024)
  • Generalsekretærar i NATO (2024–) Sjå dette på Wikidata

Han var statsminister i Nederland frå 2010 til 2024, og var såleis den lengst sitjande statsministeren i nederlandsk historie.[3] Hans fjerde regjering vart sett inn den 10. januar 2022, knapt ti måneder etter parlamentsvalet i Nederland 2021.[4] Dette regjeringssamarbeidet braut saman i juli 2023. Rutte meddelte kort tid etter dette at han ville trekkja seg frå politisk arbeid, men måtte inntil vidare halda fram som statsminister i eit forretningsministerium.[5] Han var leiar i det liberalistiske høgrepartiet Volkspartij voor Vrijheid en Democratie (VVD) frå 29. mai 2006 til 2023.

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Mark Rutte kjem frå ein kristen familie i Haag. Han er ugift og høyrer til den protestantiske kyrkja i Nederland. Rutte var gymnasiast og spesialiserte seg på kunstfag 1979–1985. Skjønt hans opphavlege ambisjon var å studera ved eit musikkonservatorium og verta konsertpianist, byrja han å studera historie ved Universitetet i Leiden, der han tok mastergrad i 1992.

Ved sida av studiane var han styremedlem i ungdomsorganisasjonen til VVD, Jongeren Organisatie Vrijheid en Democratie (JOVD), der han var leiar frå 1988 til 1991.

Yrkeskarriere

endre

Etter studiane gjekk han inn i næringslivet som direktør i Unilever og Calvé. Fram til 1997 var han tilsett i personalavdelinga i Unilever og spelte ei sentral rolle i fleire omorganiseringar. Rutte var personalsjef i dotterselskapet Van den Bergh Nederland 1997–2000. I 2002 vart han personalsjef i IgloMora Groep, eit anna av Unilever sine dotterselskap.

Politisk karriere

endre

Rutte entra politikken då han i ein toårsperiode, 2002–2004, var statssekretær for sosial- og arbeidsspørsmål. Deretter var han statssekretær for utdanning, kultur og forskning 2004–2006, til dess han sommaren 2006 vart vald til formann i VVD. Han var partiet sin toppkandidat ved parlamentsvalet i 2006, der VVD vart det fjerde største med sine 22 mandat. Sidan dei tre største partia skipa regjering, vart Rutte opposisjonsleiar i parlamentet.

 
Rutte ved ein valbod i Amsterdam, februar 2010.
Foto: Jos van Zetten

Ifylge meiningsmålingar i mai 2010 var VVD under Rutte det sterkaste partiet, med 36 (av 150) sete i underhuset, større enn sosialdemokratane. Veksten til de liberale vart fyrst og fremst grunna med kristen-demokratane sitt fall (dei fekk berre 21 sete i spørjeundersøkinga).[6]

Gjennom parlamentsvalet i juni 2010 vart VVD det største partiet med sine 31 representantar i ei nasjonalforsamling med 150 folkevalde. Etter langvarige forhandlingar vart Rutte statsminister 14. oktober, og leiar av den fyrste mindretalsregjeringa i Nederland etter andre verdskrigen. Regjeringskoalisjonen bestod av VVD og kristlegdemokratane i CDA, med parlamentarisk stønad frå det høgreorienterte Fridomspartiet. Strid om nedskjeringar i den nederlandske økonomien førte til at Fridomspartiet drog tilbake den parlamentarisk støtta til regjeringa i april 2012. Rutte søkte då avskjed, og det vart nytt parlamentsval i september 2012. VVD fekk 41 mandat i valet og heldt fram med å ha den største partigruppa i nasjonalforsamlinga. Rutte kunne halde fram som statsminister, frå 5. november 2012 som sjef for ei fleirtalsregjering der VVD styrte i samarbeid med Arbeidarpartiet (PvDA).

Ved parlamentsvalet mars 2017 fekk VVD åtte færre mandat, men var framleis partiet med størst oppslutning frå veljarane.

Statsminister

endre

Rutte var statsminister frå 14. oktober 2010, med stadig skiftande parlamentarisk grunnlag, i regjeringar med arbeidarpartiet Partij van de Arbeid og sentrumspartia Christen-Democratisch Appèl og Democraten 66. Frå 2010 til 2012 søkte Rutte-regjeringa støtte i parlamentet frå høgrepopulistiske Partij voor de Vrijheid, utan at desse fekk ministerpostar. I 2014 måtte Rutte si regjering handtera etterspelet av Malaysia Airlines Flight 17, der nærmare 200 nederlandske statsborgarar omkom etter at eit passasjerfly vart skote ned av luftvernmissilar over Donbass. Nederland kravde overfor Russland at ein internasjonal domstol måtte opprettast for å døma dei ansvarlege for ulykka.[7]

Mark Rutte gjekk av som statsminister den 15. januar 2021 etter at det vart kjent at tusenvis av nederlendarar urettmessig hadde vorte straffa for trygdemisbruk, ikkje ulikt den norske trygdeskandalen i NAV.[8] Rutte leia frå det tidspunktet eit forretningsministerium som skulle fungera fram til valet den 17. mars 2021. Etter valet i 2021 vart det eit svært uklart parlamentarisk grunnlag for ny regjering. Ei regjering som var Rutte si fjerde i rekkja, vart sett inn den 10. januar 2022.[9][10][4] Dette regjeringssamarbeidet sprakk etter diskusjonar om migrasjon, i juli 2023, og det vart utlyst nyval.[11] Rutte meddelte deretter den 10. juli 2023 at han ville gå ut av politikken etter det nye valet.[12]

Politiske standpunkt

endre

I mai 2009 meinte Rutte at Holocaustfornekting ikkje lenger burde vera straffbart, nettopp for å støtta opp under ytringsfridomen. Han hadde lenge meint at forbodet hadde vore «litt pussig». Han vart klandra for dette fråsegnet, både innanfor og utanfor partiet.[13]

Generalsekretær i NATO

endre

Rutte tok over stillinga som Generalsekretær i Nato etter at Jens Stoltenberg gjekk av 1. oktober 2024.[14][15]

Kjelder

endre
  1. «Mark Rutte takes office as NATO Secretary General» (på engelsk). NATO. Henta 4. oktober 2024. 
  2. NRK (1. oktober 2024). «Jens Stoltenberg formelt ferdig som Nato-sjef». NRK (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2024. 
  3. Heie, Anja; Kittelsen, Aslak: Mark Rutte i Store norske leksikon på snl.no. Henta 8. oktober 2024.
  4. 4,0 4,1 Zaken, Ministerie van Algemene (10. januar 2022). «Kabinet-Rutte IV beëdigd - Nieuwsbericht - Rijksoverheid.nl». www.rijksoverheid.nl (på nederlandsk). Henta 11. januar 2022. 
  5. «Mark Rutte zieht sich aus der Politik zurück: Ministerpräsident der Niederlande». FAZ.NET (på tysk). 10. juli 2023. ISSN 0174-4909. Henta 10. juli 2023. 
  6. Nieuws.nl: VVD grote winnaar in peiling
  7. NRK (16. juli 2015). «Putin vil ikke ha MH17-domstol» (på norsk bokmål). Henta 24. februar 2021. 
  8. «Nederlandsk «NAV-skandale»: Regjeringen må gå av». Aftenposten. 15. januar 2021. 
  9. «Jorritsma en Ollongren beginnen maandag verkennende formatiegesprekken». NU (på nederlandsk). 18. mars 2021. Henta 22. mars 2021. 
  10. «De verkiezingen zijn geweest, maar hoe nu verder? Deze drie sleutelfiguren zijn aan zet bij het vormen van een nieuw kabinet». Dagblad van het Noorden (på nederlandsk). Henta 22. mars 2021. 
  11. «Dutch government falls as ministers clash over migration». POLITICO (på engelsk). 7. juli 2023. Henta 10. juli 2023. 
  12. «Dutch PM Mark Rutte is quitting politics». POLITICO (på engelsk). 10. juli 2023. Henta 10. juli 2023. 
  13. «NRC: Ophef in VVD om uitspraak Rutte Holocaust». Arkivert frå originalen 14. juli 2009. Henta 11. juni 2010. [daud lenkje]
  14. NTB (20. juni 2024). «Alle Nato-landene stiller seg bak Mark Rutte som ny generalsekretær». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 20. juni 2024. 
  15. «Mark Rutte will be NATO’s next secretary-general». POLITICO (på engelsk). 20. juni 2024. Henta 20. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mark Rutte