Janne Rønningen
Janne Rønningen (fødd 25. juni 1969) er ein norsk komikar og programleiar.
Janne Rønningen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. juni 1969 (55 år) Stavern |
Yrke | komikar, standupkomikar, programleiar, radioprogramleiar, pedagog |
Janne Rønningen vaks opp i Stavern i Vestfold. Ho gjekk på Forsøksgymnaset i Oslo, men fullførte ikkje utdanninga. I 1991 byrja Rønningen i lokalradioen Radiorakel i Oslo, og i 1994 gjekk ho over til NRK Radio, der ho hadde innslag både i Herreavdelingen og XL, blant anna saman med Espen Thoresen, i ungdomskanalen P3. Frå 1998 til 2000 var ho programleiar i ungdomsprogrammet Smørøyet på TV-kanalen NRK1. Sidan har ho blant anna vore å sjå i Trigger på NRK, Holger Nielsens metode og Mandagsklubben på TVNorge der ho òg hadde sin eigen serie, Helt privat (saman med Kristin Skogheim). Frå 2004 har ho arbeidd for den reklamefinansierte, landsdekkande radiokanalen Kanal24/Radio Norge, blant anna i programma Rom 24 og Vær så god, Takkskalduha.
Janne Rønningen har òg opptredd frilans med eigne stand up-show i samarbeid med Stand Up Norge.
I 2011 fullførte Janne Rønningen utdanninga si som faglærar i kunst, design og handverk. To år seinare vart ho òg spesialpedagog.
TV
endre- 1998-00 Smørøyet
- 2000 Helt privat
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Janne Rønningen» frå Wikipedia på bokmål, den 09. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Janne Rønningen ved The Internet Movie Database (IMDb)