Japanmakak
pattedyrart
(Omdirigert frå Japansk makak)
Japanmakak (Macaca fuscata) er ein makak som lever i Japan. Han er den primatarten som lever lengst nord utanom mennesket.[1] Arten vert gjerne delt inn i to underartar, Macaca fuscata yakui og Macaca fuscata fuscata, men denne inndelinga har møtt motsegner.[2] Japanmakakar kan bada i varme kjelder om vinteren.[1] Dei lever i grupper på mellom 8 og 166 individ.[3]
Japanmakak | |
Japanmakak | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av japanmakak | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Dyreapar Cercopithecidae |
Slekt: | Makakar Macaca |
Art: | Japanmakak M. fuscata |
Vitskapleg namn | |
Macaca fuscata |
Japanmakaken og rhesusapen skilde truleg lag som art i pleistocen, for mellom 0,31 og 0,88 millionar år sidan, og dei er framleis nært skylde. Japanmakaken er noko lengre ute i slekt med formosamakaken og krabbemakaken.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Suzuki, Akira (1965). «An ecological study of wild Japanese monkeys in snowy areas» (PDF). Primates 6: 31. doi:10.1007/BF01794458.
- ↑ 2,0 2,1 Marmi, Josep; Bertranpetit, Jaume; Terradas, Jaume; Takenaka, Osamu; Domingo-Roura, Xavier (2004). «Radiation and phylogeography in the Japanese macaque, Macaca fuscata». Molecular Phylogenetics and Evolution 30 (3): 676. PMID 15012947. doi:10.1016/S1055-7903(03)00247-1.
- ↑ Izumiyama, Shigeyuki; Mochizuki, Takashi; Shiraishi, Toshiaki (2003). «Troop size, home range area and seasonal range use of the Japanese macaque in the Northern Japan Alps». Ecological Research 18 (5): 465. doi:10.1046/j.1440-1703.2003.00570.x.