Jaraslaw Ramantsjuk
Jaraslaw Tsjeslavavitsj Ramantsjuk (fødd 10. januar 1966 i Sapotskin i Hrodna-provinsen) er ein belarusisk politikar og økonom, og nestleiar i Det sameinte borgarpartiet. Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus i 2010, og kom på tredjeplass ifølgje dei offisielle valresultata.
Jaraslaw Ramantsjuk | |||
| |||
Fødd | belarusisk skrift Яраслаў Чэслававіч Раманчук, russisk translitterasjon Jaroslav Tsjeslavovitsj Romantsjuk 10. januar 1966 (58 år) Sapotskin | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Belarus | ||
Parti | Det sameinte borgarpartiet (2000; 2011) | ||
Yrke | samfunnsøkonom, journalist, politikar | ||
Utdanna ved | Minsk State Linguistic University |
Ramantsjuk vart utdanna økonom i Minsk. Frå 1990 til 1997 jobba han som lærar, journalist, direktør og analytikar. 1995-96 jobba han som spesialist for det belarusiske parlamentet sin komité for økonomisk politikk og reformer. Som økonom høyrer han til den liberalistiske såkalla austerrikske skulen.[1] Frå april 2000 har han vore nestleiar i Det sameinte borgarpartiet (Abjadnanaja hramadzianskaja partyja), med særskilt ansvar for internasjonale forhold, økonomi og utvikling. Han var kandidat ved parlamentsvalet i 2008 for Dei sameinte demokratiske kreftene, men vart ikkje vald inn.[2]
31. mai 2010 vart han utpeika som Det sameinte borgarpartiet sin kandidat ved presidentvalet i Belarus i desember 2010.[3] Ifølgje dei offisielle valresultata kom han på tredje plass med 2,0 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Kvelden etter valet vart det opptøyar i sentrum av Minsk i protest mot valresultatet. Ramantsjuk tok avstand frå demonstrasjonane og kritiserte dei andre opposisjonskandidatane for å ha sett menneskeliv i fare. Han fekk hard kritikk for dette frå resten av opposisjonen. Den tidlegare presidenten Stanislav Sjusjkevitsj skulda Ramantsjuk for å ha svike opposisjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå russisk wikipedia 11. mars 2011.
Fotnotar
endre- ↑ Разговор о завтрашнем «дне»[daud lenkje]
- ↑ Ярослав Романчук: «Заканчивается время халявщиков, халтурщиков и хамов», arkivert frå originalen 26. august 2008, henta 11. mars 2011
- ↑ Ярослав Романчук представил программу «Миллион новых рабочих мест для Беларуси»