Jarle Helgheim

lærar og forfattar

Jarle Helgheim (fødd 1942) er ein norsk lærar, bygningsarbeidar, breførar og forfattar frå Skei i Jølster kommune.

Jarle Helgheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1942 (82 år)
Skei i Jølster
Yrke lærar, skribent

Helgheim har graden Cand. real. frå Universitetet i Oslo 1973 med hovudfag i geofysikk. Han har arbeidd som lærar i Oslo og Jølster og innan byggebransjen. På 1960-talet byrja Helgheim verka som breførar på Jostedalsbreen. I 2000 gav han ut boka Jølster – bygda og breen.

Jarle Helgheim har også vore engasjert innan idrett, og var fotballdommar i fleire år. Han var redaksjonsleiar for boka Jølster Idrettslag 80 år (2004) og redaktør for Idretten i Breim 1911-2011 (2011). I 2018 fekk Jarle Helgheim Kongens fortenestemedalje for omfattande frivillig innsats innan idretts- og kulturlivet.

Bibliografi endre

Bøker endre

Kjelder endre