Koordinatar: 59°17′26.556″N 10°23′12.426″E

Hovudbygninga sett frå borggarden
Foto: Wolfmann, 2015
«Jarlsberg», illustrasjon av Joachim Frich frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848. På teikninga ser ein Jarlsberg hovudgard og Sem kyrkje midt i bilete.

Jarlsberg er ein herregard og eit stamhus ved Tønsberg i Vestfold. Det vart opphavleg skipa som eit grevskap for Peder Schumacher Griffenfeld i 1673 under namnet Griffenfeldt Grevskab.[1] Eigedomen er i bruk av familien Wedel Jarlsberg som har vore eigarar frå 1683.

Frå 1811 og framover bygde grev Johan Caspar Herman Wedel Jarlsberg ut slottet i empire slik det er i dag.[1] Arkitekt var Jørgen Gerhard Løser. Det vart også bygd park. Bygningane er freda.

Rett inntil hovudbygninga ligg Sem kyrkje.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Jarlsberg hovedgård». Vestfold fylkeskommune. Henta 29. juni 2015. 

BakgrunnsstoffEndra