Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°17′30.23″N 10°23′12.46″E

Sem kyrkje
kyrkje
Sem kirke TRS.jpg
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Tønsberg domprosti
Sokn Sem og Slagen
Fellesråd Tønsberg
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Material Stein
Innvigd 1100-talet
 - Vigd til Heilag-Olav
 - Endringar M.a. 1690, 1693, 1830, 1834, 1856, 1868, 1924–25, 1955–-56, 1999 og 2012
Takryttar På skipet
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1931
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1592
Døypefont 1956, av stein, e. teikningar av Finn Bryn
Altartavle Tidleg 1600-tal, rekonstruert av Roar Hauglid 1956, bilete måla av Håkon Stenstadvold
Orgel Paul Ott, 1976
Sitjeplassar 300
Diverse Krusifiks frå 1300-talet over korboga
Wikimedia Commons: Sem kirke

Sem kyrkje er ei langkyrkje i Tønsberg kommune i Vestfold fylke.

Kyrkja vart truleg oppført tidleg på 1100-talet og skal ha avløyst ei eldre trekyrkje. Kyrkja bestod først av skip og kor. Våpenhuset i mur er truleg frå 1693. Også Det wedelske gravkapell i aust kom til seinare. Det vart forlenga inntil austveggen til koret i 1902. Sakristiet nord for koret er frå 1925. Kyrkja er ikkje minst kjend for sine relieff, som vart oppdaga under ei restaurering i 1902, då den attmurte portalen var opna. Kyrkja har elles tydelege merke etter andre att murte portalar og vindauge.

Det står eit gravkapell frå 1935 på kyrkjegarden på den andre sida av fylkesveg 35.

HistorieEndra

Sem kyrkje vart opphavleg bygd omkring 1100 ved Sem kongsgård. Truleg var ei kyrkje av tre allereie oppført her, kanskje som ei av landets aller fyrste. Før reformasjonen var kyrkja via til St. Olav.[1]

I Borgartingslova frå midten av 1100-tallet er Sem kyrkje nemnt som ei av seks fylkeskyrkjer i Vika, kystlandet på begge sider av Oslofjorden.[2]

Ifølge sagaen Ågrip skal det ha vore i denne kyrkja kong Harald Gille bar jernbyrd for å sanne farsætta si rundt 1125.[3]

Historikar P. A. Munch mente også at det var i Sem kyrkje at baglarkongen Erling Steinvegg bar jernbyrd for retten til å vera konge i 1204.[4]

ReferansarEndra

  1. Rygh (1907): 208
  2. Ældre Borgartingslov, Vikens kristenrett (1916): 22
  3. Ágrip af Nóregs konunga sögum, kapittel 50
  4. Sem og Slagen - en bygdebok. Om Sem kirke. http://www-bib.hive.no/tekster/sem_slagen/kulturhistorie2_1/sem_kirke.html

LitteraturEndra

  • Sem kirke: 900 års jubileum 1999. Trondheim: Cicero. 1999. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 561. ISBN 82-7527-022-7. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Vestfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.