Jernbaneverket
Jernbaneverket (ofte avstutta til JBV) var ein norsk statleg etat som hadde som oppgåve å drive, vedlikehalde og byggje ut statseigde jarnbaneliner i Noreg, den såkalla infrastrukturen for det offentlege jarnbanenettet: sjølve lina med bruar og tunnellar, skjener og sporvekslarar (pensar), køyreleidningar og systema for tilførsle av straum til desse leidningane, signalanlegg og alt anna som høyrer til, mellom anna stasjonar og større stasjonsbygningar.
Jernbaneverket | |||
| |||
| |||
Forkorting | JBV | ||
---|---|---|---|
Type | Forvaltingsorgan | ||
Skipa | 1. desember 1996[1] | ||
Opphøyrt | 31. desember 2016[2] | ||
Org.nummer | 971033533 | ||
Jernbanedirektør | Elisabeth Enger | ||
Hovudkontor | Stortorvet 7, Oslo | ||
Eigar | Samferdsledepartementet | ||
Tilsette | 3 996 (2014)[3] | ||
Nettside | jernbaneverket.no |
Som fylgje av den såkalla jarnbanereforma vart Jernbaneverket omdanna til statsføretaket Bane NOR frå 1. januar 2017. Bane NOR er eigd av staten åleine, og skal stå for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av det nasjonale jarnbanenettet i Noreg, inkusive trafikkstyringa, og skal dessutan stå for forvaltinga og utviklinga av jernbaneeigedomane. Jernbaneverket vart såleis avvikla 31. desember 2016, og oppgåvene ført over til Jernbanedirektoratet og Bane NOR.[2]
Soga til Jernbaneverket
endreJernbaneverket vart skipa i 1996 ved at det tidlegare statsselskapet Noregs statsbaner (NSB) vart omorganisert, slik at det som galdt infrastrukturen vart lagt til Jernbaneverket, medan drifta av toga vart organisert i eit selskap for seg. Meininga var å opne for konkurranse om å drive jarnbanetransport i Noreg, slik det er open konkurranse om å drive transport på det offentlege vegnettet. Jernbaneverket kunne soleis ikkje ta på seg å drive person- eller godstransport med tog, eller i det heile take på seg transportoppdrag, men stille sjølve jarnbanenettet til disposisjon for dei selskapa som driv med togtransport, som til dømes det noverande aksjeselskapet NSB (som no berre driv persontransport) og andre selskap som til dømes Flytoget, og dei ulike godstransportselskapa, som det er fleire av. Desse transportselskapa må ha fått løyve (lisens) til å trafikkere det norske offentlege jarnbanenettet, og deretter ha gjort avtale med Jernbaneverket om bruken av jarnbanenettet.
Det offentlege jernbanenettet er på om lag 4 000 kilometer, og om lag 80 prosent av trafikken går med elektrisk drivne tog.
Kjelder
endre- ↑ «Jernbaneverket». Forvaltningsdatabasen. Henta 20. september 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Ny jernbaneorganisering». Regjeringa. 6. februar 2016. Henta 20. september 2017.
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
Bakgrunnsstoff
endre- Nettsidene til Jernbaneverket. Arkivert 2013-04-23 ved Wayback Machine.
- Om Jernbaneverket på verksemda sine internettsider Arkivert 2015-05-09 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |