Jaspis er ein tett kryptokrystallinsk variant av mineralet kvarts. Det er ugjennomsiktig og farga av jernoksid. Den typiske jaspisen er raud, men namnet har òg vore brukt om brune, gule eller grøne variantar. Materialen er ofte massiv, banda eller finst som runde knollar. Agat, flint og kalsedon er liknande variantar av kryptokrystallinsk kvarts. Jaspis kan handsamast til smykke og prydgjenstandar.

Jaspis i ulike former
Jaspis i Seljord kommune i Telemark.
Foto: Øyvind Arntsen

Mineralet er ganske vanleg i einskilde lavaer og sediment, og finst i uedel form blant anna i Trondheimsfeltet.

Namnet kjem frå gresk, men ordet vart bruka onnorleis i antikken enn no, då vart det bruka om grøne, gjennomskinnelege steinar.

Jaspis finst i mange nyansar, ofte flekket. Basismineralet er silisiumoksid, men i tillegg har jaspisen opp til 20 % andre stoff i seg, og det er dette som lagar dei ulike fargekombinasjonane. Einsfarga jaspis er sjeldan.

Kjelder endre

  • Jaspis. (2012, 13. mars). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/jaspis.

Bakgrunnsstoff endre