Opna hovudmenyen

Jean-Paul Sartre (21. juni 190515. april 1980) var ein fransk eksistentialist og forfattar.

Jean-Paul Sartre
Jean Paul Sartre 1965.jpg
Fødd 21. juni 1905
Paris
Død

15. april 1980
14. arrondissement

Yrke skodespelforfattar, kunnskapsteoretiker, romanforfattar, manusforfattar, biograf, litteraturkritikar, essayist, motstandskjemper, politisk skribent, existentialist, ontologist, skribent, filosof, fredsaktivist, kommentator, intellektuell, forfattar, sosiolog, meteorolog
Jean-Paul Sartre på Commons
Jean-Paul Sartre

Sartre er truleg den best kjende eksistensialisten. Han hadde suksess med romanar og skodespel. Dei eksistensielle tema blei ofte utforska i dei skjønnlitterære verka hans, og i verka til Simone de Beauvoir, som han var i lag med mest heile livet.

Éin av Sartre sine hovudidéar var at mennesket er dømt til å vere fri. «Dømt fordi det ikkje har skapt seg sjølv - men er likevel fri. Fordi det no ein gong er kasta inn i verda, er det ansvarleg for alt det gjer.» «Mennesket er den einaste forfattaren til si eiga åtferd». «Mennesket har ikkje ein gitt menneskeleg natur, men må skape sin eigen. Mennesket er ikkje anna enn det det skapar seg sjølv til.»

I dei seinare verka sine freista Sartre å kombinere individualisme med marxisme.

Før krigen underviste Sartre på ulike skular. Etter det bruka han livet sitt på å skrive og han redigerte i mange år bladet Les Temps Modernes. Han sat eit år i fengsel under andre verdskrigen, og han var eit symbol for dei franske intellektuelle sin motstand mot nazismen.

Sartre fekk nobelprisen i litteratur i 1964, men ville ikkje ta imot han.

Han blei gravlagd i Cimetière de Montparnasse i Paris.

KjelderEndra

  • Dansk wikipedia [1]