Jean Desforges

Jean Catherine Desforges, gift Pickering, (4. juli 192925. mars 2013) var ein britisk friidrettsutøvar frå London som deltok i ei rad øvingar; sprintløp, hekkeløp, lengdehopp og femkamp. Ho vann EM-gull i stafett i 1950 og i lengdehopp i 1954.

Jean Desforges
Fødd 4. juli 1929
London Borough of Newham
Død

25. mars 2013 (83 år)
Welwyn

Yrke sprintar, friidrettsutøvar

AktivEndra

Desforges vart nummer fem i 80 m hekk i europameisterskapen 1950 i Brussel, og sprang ein etappe for Storbritannia sitt vinnarlag på 4x100 meter stafett. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsingfors vann ho ein bronsemedalje i lag med Sylvia Cheeseman, Heather Armitage og June Foulds, bakom gullmedaljørane frå USA og sølvlaget Tyskland. I 80 meter hekk vart ho som i EM 1950 nummer fem.

År 1954 i Bern vart Desforges europameister i lengdehopp med eit hopp på 6,04 meter, elleve centimeter framom Aleksandra Tsjudina frå Sovjetunionen.

Tida 1949-54 vann ho åtte britiske meistertitlar i høvesvis 80 m hekk, lengdehopp og femkamp.

KjelderEndra