London Borough of Newham
Newham er ein bydel i det austlege London. Han blei oppretta i 1965 ved at krinsane East Ham og West blei slått saman. Green Street markerer grensa mellom dei to delane. North Woolwich blei også ein del av distriktet; dette området blei flytta over frå Woolwich. Distriktet blir leia av ein direktevalt borgarmeister, men er også underlagt Stor-London.
London Borough of Newham | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 36,2017 km² | ||
Folketal | 352 005 (2018)[1] | ||
London Borough of Newham 51°31′00″N 0°02′00″E / 51.516666666667°N 0.033333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: London Borough of Newham |
Newham grensar mot bydelane Barking and Dagenham i aust, Greenwich i sør, Hackney og Tower Hamlets i vest og Redbridge i nord. Tre av grensene blir markert av elvar: Roding (aust), Themsen (sør) og Lee (vest).
Bydelen høyrer til det ytre London, ettersom det ikkje låg i det gamle grevskapet London. Samstundes slit den med dei same problema som bydelane i indre London, utan å få dei økonomiske overføringane som desse bydelane får. Bydelsrådet arbeider derfor for å få omdefinert grensa slik at Newham blir rekna med i indre London, eller i det minste at det blir gitt same støtteordningar.
Etter konstruksjonen av Docklands Light Railway (DLR) og utvidinga av Jubilee-linja har kollektivtilbodet i Newham blitt svært mykje betre enn det var tidlegare. Channel Tunnel Rail Link skal få stoppestad i Stratford, og Crossrail er meint å skulle tene området. London City Airport ligg i Newham.
Newham var ein av fem bydelar som var vertskap for Sommar-OL 2012.