Jeanette
kvinnenamn
Jeannette og Jeanette er kvinnenamn av fransk opphav. Dei er dimimutivsformer av Jeanne, ei kvinneleg form av Jean, som er den franske forma av Johannes. Tydinga av namnet er 'Gud er nådig'.
Namna har mange ulike skrivemåtar, som Janet, Janeth, Janett, Janette, Jannet, Jannit, Jeanet, Jeaneth, Jeanett, Jeannet, Jeannett, Zsanett, Žanet.
Jeanette har namnedag den 21. april i Noreg, 29. mai i Sverige og 15. november i Finland. Janette har også namnedag den 15. november i Finland.
Namnet Jeanette blei teke i bruk i Noreg seint på 1800-talet, men blei først utbreidd på byrjinga av 1980-talet.
Namneberarar
endre- Jeanette Churchill (1854–1921), fødd Jerome, amerikansk sosietetskvinne, mor til Winston Churchill
- Jeannette Rankin (1880–1973), amerikansk politikar, første kvinne i det amerikanske representanthuset og senatet
- Jeanette Wolff (1888–1976), tysk politikar og foreiningskvinne
Sjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jeanette» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2009.