Jeanette Churchill

Jeanette «Jennie» Jerome (9. januar 18549. juni 1921), også kjend som Lady Randolph Churchill, var ei amerikansk, britisk gift sosietetskvinne. Ho var kjend for venleiken sin og seinare som mor til den britiske statsministeren Winston Churchill.

Jeanette Churchill

Statsborgarskap USA
Fødd 9. januar 1854
Brooklyn
Død 29. juni 1921 (67 år)
London
Yrke sjølvbiograf, skribent, sosietetsperson, redaktør
Språk engelsk
Far Leonard Jerome
Mor Clarissa Hall
Ektefelle Randolph Churchill, George Cornwallis-West, Montagu Porch
Jeanette Churchill på Commons
Jennie Jerome i 1874

Jennie var dotter av den amerikanske forretningsmannen Leonard Jerome. Ho trefte Lord Randolph Churchill sommaren 1873 ved eit ball om bord på kryssaren «Ariadne» i CowesIsle of Wight. Han var 24 år gammal, medan ho enda berre var 19. Dei forlova seg etter berre å ha kjend kvarandre i tre dagar, og i 1874 gifta dei seg på den britiske ambassaden i Paris. Dei fekk to søner, Winston Churchill (1874-1965) og John Strange Churchill (1880-1947).

Jennie var ei mørkhåra, vakker og intelligent kvinne som hadde mange elskarar gjennom livet sitt, blant anna Edvard VII av Storbritannia.

Etter ektemannens død i 1895 var Jennie gift på nytt to gonger, frå 1900 til 1914 med George Cornwallis-West (1874-1951), og frå 1917 med Montagu Porch (1877-1965). Ho døydde i 1921 etter ein amputasjon av det eine beinet, som det var gått koldbrann i.

I 1974 blei det laga ein populær TV-serie om livet hennar, Jennie, med Lee Remick i hovudrolla.