Jef Raskin
Jef Raskin (9. mars 1943–26. februar 2005) var ein amerikansk ekspert på menneske-maskin-grensesnitt. Han er mest kjend for å ha starta Macintosh-prosjektet hjå Apple Computer seint på 1970-talet og for skriveverktøyet Canon CAT (lansert i 1987).
Jef Raskin | |||
| |||
Fødd | 9. mars 1943 New York by | ||
---|---|---|---|
Død | 26. februar 2005 Pacifica | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | programmerar, informatikar, skribent, universitetslærar, forretningsdrivande | ||
Institusjonar | Apple Inc. University of California, San Diego | ||
Alma mater | Pennsylvania State University Stony Brook University | ||
Barn | Aza Raskin |
Raskin vart fødd i New York by i 1943. Han utdanna seg innan matematikk og filosofi, og fekk ein mastergrad i datavitskap ved Pennsylvania State University i 1967. Det fyrste dataprogrammet han laga, eit musikkprogram, var ein del av avhandlinga hans.