Jelena Viktorovna Guljajeva, fødd Rodina, (fødd 14. august 1967 er ein russisk tidlegare høgdehoppar. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1994.

Jelena Guljajeva
Statsborgarskap Russland
Fødd 14. august 1967 (56 år)
Moskva
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Etter å ha vore utestengt frå friidretten i to år tok Guljajeva femteplassen under VM 1993 i Stuttgart. Året etter sikra ho seg sølvmedaljen då EM 1994 fann stad i Helsinki, slovenske Britta Bilač var suverent best i tevlinga. Guljajeva vart nummer fire i OL-finalen 1996 med sterke 1,99 meter. Den 23. mai 1998 i Kalamáta presterte ho livsbeste gjennom å gå over 2,01 meter. Tre månader seinare hamna ho på sjetteplassen under EM i Budapest.

Doping endre

Under eit stemne i Roma i juli 1991 testa Jelena Rodina positivt i ei dopingprøve. Ho vart dømd for bruk av dopingmidlar og utestengt i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre