Jengish Chokusu (kirgisisk Жеңиш Чокусу), eller i Kina Tomur Feng (kinesisk 托木爾峰 /托木尔峰), er med sine 7 439 meter over havet det høgste fjellet i Tian Shan og Kirgisistan. Fjellet, som er dekt av isbrear, ligg på grensa mellom Kirgisistan og Folkerepublikken Kina, aust for innsjøen Issyk-Kul og ca. 15 km sør for Khan Tengri, den nest høgste fjelltoppen i Tian Shan.

Jengish Chokusu
fjell
Land Mal:Landdata Kirgisistan, Sovjetunionen, Folkerepublikken Kina
Kart
Jengish Chokusu
42°02′05″N 80°07′43″E / 42.034662°N 80.128713°E / 42.034662; 80.128713
Wikimedia Commons: Jengish Chokusu

Toppen av Jengish Chokusu vart truleg nådd fyrste gongen i 1956, då medlemer av ein ekspedisjon leia av Vitalij Abalakov kleiv til topps. Likevel kan det vere at Leonid Gutman, Jevgenij Ivanov og Aleksandr Sidorenko nådde toppunktet allereie 19. september 1938.

Kjelder endre