Khan Tengri (uigurisk omsett som «Herren over andane» eller «Herren over himmelen», på tyrkisk omsett som «herskar av himmelen» eller «herskaren Tengri») er eit fjell i Tian Shan-fjella. Det ligg på grensa mellom Kirgisistan og Kasakhstan, aust for innsjøen Issyk Kul. Den geologiske høgda er 6 995 meter over havet, men med breen som dekkjer toppen vert høgda 7 010 meter over havet. På grunn av dette vart han i fjellklatrarkrinsar inkludert i den sovjetiske snøleopardprisen der fjelltoppane må vere over 7 000 moh. Det vert òg kalla Khan Tangiri Sjyngy, Kan-Too Chokusu, Pik Khan-Tengry og Hantengri Feng.

Khan Tengri
fjell
Khan Tengri ved solnedgang
Land  Kirgisistan,  Kasakhstan  Kina
Fjellkjede Tian Shan
Høgd 7 010 moh moh.
Lettast tilkomst Klatring på berg, snø, is og isbrear.
Førstestiging Mikhajl Pogrebetskij i 1931
Koordinatar 42°12′39″N 80°10′30″E / 42.21083°N 80.17500°E / 42.21083; 80.17500
Kart
Khan Tengri
42°12′39″N 80°10′30″E / 42.210833333333°N 80.175°E / 42.210833333333; 80.175
Wikimedia Commons: Khan Tengri

Khan Tengri er det nest høgaste fjellet i Tian Shan etter Jengish Chokusu (7 439 moh) som ligg nokre kilometer lenger sør. Khan Tengri er det høgaste fjellet i Kasakhstan og det tredje høgaste i Kirgisistan etter Jengish Chokusu og Pik Lenin (7 134 m) i Pamirfjella.

Kjenneteikn endre

Khan Tengri er ein massiv marmorpyramide dekt av snø og is. Ved solnedgang lyser marmoren raudt, noko som har gjeve fjellet det kasakhiske namnet Kan Tau («Blodfjellet»). Det ligg tvers overfor Sør-Ingeltsjek-breen (eller Inyltsjek), 16 km nord for Jengish Chokusu. Lenge trudde ein av Khan Tengri var den høgaste toppen i Tien Shen på grunn av den dramatiske forma, samanlikna med den massive klumpen som Jengish Chokusu består av. Khan Tengri er den høgaste toppen i fjellkjeda Tengri Tag eller Mustag, som òg inneheld toppar som Tsjapajeva og Gorkova. Anatolij Boukrejev reknar Khan Tengri som kanskje den vakraste fjelltoppen i verda på grunna av dei geometriske formene og symmetrien.

Historie endre

 
Hovudleiren ved Sør-Inyltsjek i ei høgd på 4 000 moh ved den sørlege morenen til isbreen. Retninga er mot nordvest og ein ser Pik Tsjapajeva og Khan Tengri i bakgrunnen

Sjølv om han er 400 meter lågare enn den høgare naboen i sør, trudde ein lenge at Khan tengri var den høgaste toppen i fjellkjeda fram til Jengish Chokusu vart oppdaga i 1946.

Petr Semenov var visstnok den første europearen som fekk sjå den kolossale Khan Tengri i 1847.[1]

Den første klatringa av toppen vart utført i 1931 av Mikhajl Pogrebetskij sitt lag frå Ukraina. Dei gjekk opp frå sør og langs vestryggen. Kuzmin leia den første klatreekspedisjonen frå nord i 1964. Khan Tengri er ein av fem toppar som ein sovjetisk fjellklatrar måtte klatre for å få den prestisjetunge snøleopardprisen.

I 2004 omkom 10-20 fjellklatrarar då dei vart tatt av eit snøras i den mest populære klatreruta i fjellet.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Semenov, Petr Petrovitch. Travels in the Tian'-Shan' 1856-1857. Omsett av Ljudmila Gilmour, Colin Thomas og Marcus Wheeler. Redigert av Colin Thomas, s. 180, 184-185. The Hakluyt Society, London. (1998). ISBN 0-904180-60-3.

Bakgrunnsstoff endre