Opna hovudmenyen

Jenny Følling (fødd 19. mars 1962) er ein norsk lokalpolitikar frå Senterpartiet. Følling vaks opp i Følling i Viksdalen og er utdanna agroteknikar.

Jenny Følling
Jenny Følling.jpg
Fødd 19. mars 1962

Bygstad

Parti Senterpartiet

Jenny Følling kom inn i kommunestyret i 1996, i formannskapet i 1999, og vart, som første kvinne, vald til ordførar i Gaular kommune i Sogn og Fjordane i 2003. Ho sat som ordførar fram til 2011, då ho vart fylkesvaraordførar for Sogn og Fjordane.

Følling har vore leiar både for KS sitt fylkesstyre for Sogn og Fjordane (2011-2015) og styret til Innovasjon Noreg si fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Følling har tidlegare hatt styreverv i Firda Billag, Sunnfjord Energi, Lutelandet Utvikling og Breibandforum. Ho er leiar i Stamvegutvalet E39, rådsmedlem i Husbanken region vest og sit i programkomiteen i Senterpartiet.

Følling har vore på fylkestinget sidan 2003. Frå 2011 til 2015 var Jenny fylkesvaraordførar, og i perioden 2015 til 2019 er ho vald til fylkesordførar.

KjelderEndra