Jenny Lind

svensk skribent og songar

Jenny Mari Lind (6. oktober 18202. november 1887) var ein svensk operasongar kjend som «den svenske nattergal». Alt som 10-åring byrja ho synge Vaudeville, og 18 år gamal debuterte ho. På grunn av overbelastning vart ho send til Paris, der ho studerte. Ho hadde engasjement både der og i Tyskland.

Jenny Lind

Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. oktober 1820
Stockholm, Klara församling
Død

2. november 1887 (67 år)
Malvern i Worcestershire

Yrke skodespelar, operasongar, musikkpedagog, teaterskodespelar
Språk svensk, engelsk
Medlem av Burschenschaft Hannovera Göttingen
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Otto Goldschmidt
Jenny Lind på Commons

Då ho oppheldt seg i London slost teatera om å få henne på programmet. I 1850 la ho ut på ein årelang turné til USA. Etter at ho trekte seg tilbake frå scena, var ho knytt til Royal College of Music i London. Frå 1843 var ho venninne med H.C. Andersen, som besøkte henne i 1845 i Berlin. Ho vart gift med pianisten Otto Goldschmidt (1830-1907) i 1852. Dei slo seg seinare ned i England. Jenny Lind døydde i Malvern i 1887.

Sedelen for 50 svenske kroner har bilete av Jenny Lind.

Spire Denne musikkartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.