Jens Fabricius

medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll og stortingsrepresentant

Jens Schouw Fabricius (3. mars 17586. april 1841) var ein norsk offiser og stortingsmann. Han var fødd i Larvik.

Jens Fabricius

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1758
Larvik
Død

6. april 1841 (83 år)
Porsgrunn

Yrke politikar
Språk norsk
Jens Fabricius på Commons

Fabricius vart elev ved sjøkadettakademiet i København då han var elleve år gammal. I 1775 vart han kadett, 1777 underoffiser og 1778 løytnant. Kaptein vart han i 1799.

Fabricius var ekvipasjemeister ved det kongelege oktrojerte østersjøiske og guineiske selskap frå 1781 til 1787, så ekvipasjemeister ved Fredriksvern verft 1789–93. Dei fylgjande åra var han på fleire tokt, etter kvart som skipssjef. Frå 1801 hadde han kommandoen over Fredriksvern og den norske roflotiljen.

Ved krigsutbrotet i 1807 vart Fabricius medlem av kommisjonen som skulle ordne Noregs sjøforsvar.I 1809 vart han forfremja til kommandørkaptein, og søkte same året avskjed av helsegrunnar. Søknaden vart avslått. Tre år seinare vart han kommandør. 13. april 1814 tok han avskjed frå dansk krigsteneste.

Fabricius var då vald til 1. representant for sjødefensjonen på Riksforsamlinga på Eidsvoll. På Eidsvoll høyrde han til sjølstendepartiet, men la elles stor vekt å ha eit godt forhold til alle utsendingane. Ein periode, 15. april-1. mai, var han president for forsamlinga. Ved avslutninga var det Fabricius som heldt avskjedstalen med dei vidkjende sluttorda: Enige og tro inntil Dovre faller.

Kristian Fredrik utnemnde Fabricius til sjef for det nyoppretta sjøkrigskommisariatet og han fekk rang av kontreadmiral. Etter unionen med Sverige vart inngått, vart han sjef for sjøkrigskollegiet. Både før og etter inngåinga av unionen med Sverige hjelpte Fabricius statsrådet ved viktige høve. Han bidrog sterkt i forhandlingane som førte til at Noreg beheldt flåten sin mot ei mindre erstatning til Danmark.

Han hadde stendig leiande posisjonar i marinen, og frå november 1817 til desember 1818 var han konstituert sjef for marinedepartementet. I 1821 utnemnd til viseadmiral.

I 1824 sat Fabricius på Stortinget, vald som 1. representant for Bratsberg amt. På tinget var han medlem av militærkomiteen og av komiteen om reglement for borgarvæpninga og sjøtetaten.

Fabricius søkte i 1831 om avskjed på ny, men atter ein gong vart søknaden avslått. Fyrst i 1836, 78 år gamal, fekk han avskjed i nåde. Han døydde i Porsgrunn i 1841.

På Fredriksvern står ein bauta, reist 17. mai 1914, over dei fire eidsvollsmennene som kom frå sjøforsvaret.

Kjelder endre

  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålwikipedia

Bakgrunnsstoff endre