Jens Hansen Blom
norsk politikar
Jens Hansen Blom (12. februar 1788–14. januar 1840) var ein kjøpmann, tollar og stortingsmann frå Skien. Han var far til Hans Jensen Blom.
Jens Hansen Blom | |||
Fødd | 12. februar 1788 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. januar 1840 (51 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Hans Jensen Blom | ||
Barn | Hans Jensen Blom | ||
Alle verv |
|
Blom var son til ein kjøpmann. Han dreiv ei tid handel i heimbyen, var deretter tollbetjent i Bergen i to år. Frå 1823 var han tollinspektør i Stavanger. Blom representerte Skien og Porsgrunn på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. Han var i 1821 medlem av elleve komitear, sekretær i seks av dei. Mellom anna var han medlem av flaggkomiteen.
Blom døydde i Gjerpen i 1840.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914