Jens J. Nordang

norsk veterinær

Jens Nikolai Johannesson Nordang (29. november 18795. november 1954) var ein norsk veterinær frå HjørundfjordSunnmøre.

Jens J. Nordang
Fødd 29. november 1879
Død

5. november 1954 (74 år)

Yrke veterinær

Nordang var son til brukaren i Knutegarden på Norang i Hjørundfjord. Sjølv gjekk han fyrst mellomskulen i Volda og deretter landbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes. Hausten 1902 byrja han å studere ved Veterinærhøjskolen i København, og tok eksamen der i 1907.

Frå 1907 var Nordang distriktsveterinær i Trondheim i 14 år. I 1921 vart han utnemnd til statskonsulent for hesteavlen på Vestlandet, eit avlsarbeid han leia til ut året 1943. «Han var ein dugande hesteskjønar og ein framsynt avlsleiar og administrator, fjordhestavlen hadde stor framgang i hans arbeidstid.»[1]

Nordang studerte også pelsdyravl i USA og Canada. Sidan var han aktiv i «å få denne næringsgreina inn i sunne spor»,.»[2] han skreiv mellom anna den fyrste norsk læreboka i pelsdyravl.

KjelderEndra

  1. Norsk Allkunnebok VIII:998
  2. Norsk Allkunnebok VIII:998