Jens Marcussen den eldre

norsk politikar

Jens Marcussen (23. august 18608. august 1936) var ein norsk skipsreiar og handelsmann frå Dypvåg i Aust-Agder, som representerte partiet VenstreStortinget i perioden 1916-18. Han var farfar til Jens Marcussen den yngre.

Jens Marcussen den eldre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. august 1860
Dypvåg kommune
Død

8. august 1935 (74 år)
Dypvåg kommune

Yrke handelsmannn, reiar, politikar
Politisk parti Venstre
Jens Marcussen den eldre på Commons

Marcussen var son til ein skipsreiar. Han gjekk Tvedestrands skule og arbeidde i åra 1875-80 i ulike forretningar i Arendal. Frå 1880 dreiv han ulike forretningar frå farsgarden Askerøy, som han overtok i 1882. Omframt handel dreiv han skipsreiarlag, med både seglskip og dampbåtar. På Gjeving sette han i gang med båtbygging, ein klemmefabrikk og eit tresliperi.

Frå 1910 til -15 var Marcussen ordførar i Dypvåg. Valperioden 1916-18 møtte han på Stortinget frå einmannskrinsen Holt, vald for Venstre. Elles var han formann eller medlem i ei rekke lokal utval i Dypvåg og i Aust-Agder, mellom dei likningsnemnda i Dypvåg og i fylkesskattestyret.

Kjelder endre