Jens Steffensen

norsk politikar

Jens Olai Steffensen (fødd 23. mars 1891 i i Vesterålen, død 17. oktober 1961) var ein norsk politikar (Ap) og fiskarlagsformann. Han var blant anna stortingsrepresentant, formann i Noregs Fiskarlag og styreformann i Noregs Råfisklag.

Jens Steffensen
Fødd 23. mars 1891
Død

17. oktober 1961

Yrke politikar, fiskar

Jens Steffensen var opphavleg fiskar og anleggsarbeidar. Han var stortingsrepresentant for Nordland mellom 1934 og 1957, ordførar i Bø ein kort periode i 1945, og varaordførar mellom 1934 og 1941. Han var formann i Noregs Fiskarlag 1937-1941 og 1945-1951, og styreformann i Noregs Råfisklag mellom 1952 og 1961.

Steffensen var ein kjend, men omstridd fiskeripolitikar. I 1951 gjekk leiinga i Arbeidarpartiet inn for å liberalisere trålarlova. I Fiskarlaget, med Jens Steffensen i spissen, var det sterk motstand mot dette, og Steffensen klarte å mobilisere eit fleirtal i Arbeidarpartiets stortingsgruppe mot forslaget. Forslaget vart likevel vedteke med støtte frå dei borgarlege partia. Som følgje av dette dekk han sidan motstand frå leiinga i sitt eige parti.

StortingskomitéarEndra

BakgrunnsstoffEndra