Jens Worm Bruun
Jens Worm Bruun (18. april 1781–6. oktober 1836) var ein dansk lærar og songpedagog.
Jens Worm Bruun | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 18. april 1781 Nykøbing Sjælland |
Død |
6. oktober 1836 (55 år) |
Yrke | lærar |
Jens W. Bruun vart fødd i Nykøbing på Sjælland, som son til Bodil Bützov og presten Jochum Gregersen Bruun. Han var oppkalla etter språkforskaren professor Jens Worm, som vart farens stefar. I 1813 gifta han seg med Juliane Hedevig Heber.
Bruun tok militær utdanning og vart løytnant før han tok seg arbeid som lærar ved fleire skolar i København, mellom anna ved ein mosaisk friskole. Han vart rekna som eit oppfinargeni, og skal ha funne opp salmodikonet. Han stifta òg Pædagogisk selskab. I 1827 vart han lærar ved Frue Sogns Borgerskole i Århus.
Bruun utgav mellom anna Den Lancasterske Skoleindretnings Historie (1820) og fleire blad med Salmer i Ciffre.