Nykøbing Sjælland

(Omdirigert frå Nykøbing)

Nykøbing Sjælland er ein by og tidlegare kjøpstadNordvestsjælland ved Isefjorden i Danmark. Byen har 5 096 innbyggjarar (2013)[1] og ligg i Odsherred kommune i Region Sjælland. I sommarhalvåret ber byen preg av mange tilreisande turistar som let seg lokke av sommarhus og badestrender i nærleiken.

Nykøbing Sjælland
Nykøbings (Sjælland) våpen
Nykøbings (Sjælland) våpen
Nykøbings (Sjælland) våpen
Byvåpenet til Nykøbing Sjælland
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Sjælland
Odsherred kommune
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

5 096
Koordinatar 55°48′36″N 11°40′17″E / 55.81000°N 11.67139°E / 55.81000; 11.67139
Høgd over havet 15 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside
Tinghuset
Nykøbing Sjælland kyrkje
Gågata

Nykøbing Sjælland er ein av dei eldste byane på Sjælland. I litterære kjelder blir staden omtalt så tidleg som på siste halvdel av 1200-talet. Nykøbing kyrkje er endå eldre, og blir datert til første halvdelen av 1200-talet.

Byen er også nordlegaste endestasjon for Vestsjællands Lokalbaner. Det er togsamband til Holbæk med vidare liner til København og resten av Danmark.

Kjelder endre

  1. Statistikbanken Tabel BEF44 (Vitja 11. februar 2014)

Bakgrunnsstoff endre