Jerome Arnold
Jerome Arnold (fødd 12. november 1936 som Romeo Maurice Arnold)[1] er ein amerikansk bassist, kjend for arbeidet sitt med Howlin' Wolf,[2] og The Paul Butterfield Blues Band i 1960-åra.[3]
Jerome Arnold | |||
Fødd | 12. november 1936 (87 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | bass | ||
Verka som | musikar |
Som opphavleg medlem av Butterfield band vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015.[4]
Han spelte på albuma The Paul Butterfield Blues Band og East-West. Han var medlem av The Butterfield Band på Newport Folk Festival i 1965, og var blant musikarane som spelte med Bob Dylan då han gjekk elektrisk på denne festivalen.[5]
Jerome Arnold er ein yngre bror av Billy Boy Arnold og munnspelspelaren Augustus «Gus» Arnold (som kring 1969 endra namn til «Julio Finn»).[6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jerome Arnold» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eagle, Bob; Eric S. LeBlanc (2013), Blues - A Regional Experience, Santa Barbara: Praeger Publishers, p. 70. ISBN 978-0313344237
- ↑ «The Paul Butterfield Blues Band», Los Angeles Times, 23. juni 1994.
- ↑ «Butterfield Blues Band Offers Moving Experience», Montreal Gazette, 29. mai 1967.
- ↑ «Rock and Roll Hall of Fame Class of 2015: Paul Butterfield Blues Band drummer Sam Lay's Cleveland ties make the induction even more special». cleveland.com. Henta 22. august 2018.
- ↑ «ProQuest Archiver: Titles». Boston Herald. Henta 22. august 2018.[daud lenkje]
- ↑ Edward Komara, Peter Lee (eds), The Blues Encyclopedia, Routledge, 2004, pg. 444; ISBN 978-0415926997