East-West av The Butterfield Blues Band

East-West
Studioalbum av The Butterfield Blues Band
Utgjeve August 1966
Innspelt Juli 1966
Studio Chess Studios i Chicago i Illinois i USA
Sjanger Bluesrock,[1] acidrock
Lengd 44:21
Selskap Elektra
Produsent
The Butterfield Blues Band-kronologi
The Paul Butterfield Blues Band
(1965)
East-West The Resurrection of Pigboy Crabshaw
(1967)


East-West er det andre studioalbumet til The Butterfield Blues Band, gjeve ut i 1966 på Elektra Records. Det vart spelt inn i det kjende Chess Studios på 2120 South Michigan Avenue i Chicago. Det nådde 65. plassen på Billboard popalbum-lista, men har sidan vore høgt akta blant rock- og blues-skribentar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]

InnhaldEndra

Som debutplata, består albumet av somme tradisjonelle bluessongar med gitar av Mike Bloomfield og Elvin Bishop. I motsetnad til debutplata, spelar Bishop òg gitarsoloar. Trommeslagaren Sam Lay hadde slutta på grunn av sjukdom og blitt erstatta av den meir jazzprega Billy Davenport.[2] Den sosiale samansetnaden i bandet endra seg òg frå å vere styrt av Butterfield i byrjinga til å bli meir eit demokratisk band.[3]

Som følgje av dette vart det teke med to instrumentale lange jammar etter ønskje frå Bloomfield etter at dei hadde spelt på The Fillmore i San Francisco i mars 1966 med Jefferson Airplane.[4] Begge, «Work Song», og tittelsporet «East-West» der det vert nytta element av modal jazz slik Miles Davis hadde innført på albumet Kind of Blue, reflekterte kjærleiken hans til jazz. Albumet inneheld òg Michael Nesmith-songen «Mary, Mary», som Nesmith kort tid etter spelte inn med bandet sitt The Monkees.

Den 29. oktober 2001 vart ei nymastra utgåve av albumet gjeve ut av Bob IrwinSundazed Studios i lag med debutplata. Denne kom ut på Rhino WEA UK i Europa.

PlateomslagetEndra

Plateomslaget vart fotografert på Museum of Science and Industry i Chicago.

InnhaldEndra

Side einEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Walkin' Blues»Robert Johnson3:15
2.«Get Out of My Life, Woman»Allen Toussaint3:13
3.«I Got A Mind to Give Up Living»Trad.4:57
4.«All These Blues»Trad.2:18
5.«Work Song» (instrumental)Nat Adderley7:53

Side twoEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mary, Mary»Michael Nesmith2:48
2.«Two Trains Running»Muddy Waters3:50
3.«Never Say No»Trad,2:57
4.«East-West» (instrumental)Mike Bloomfield, Nick Gravenites13:10

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1967 Billboard Pop Albums 65

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Allmusic review
  2. Doggett, Peter. The Paul Butterfield Blues Band/East West. Warner Strategic Marketing 8122 73571-2, 2001, liner notes, p. 8.
  3. Doggett, liner notes, p. 8.
  4. Bloomfield biography retrieved 22. august 2018

BakgrunnsstoffEndra