Opna hovudmenyen

Jesús Navas

spansk fotballspelar

Jesús Navas González (fødd 21. november 1985 i Los Palacios y Villafranca i Andalucía) er ein spansk fotballspelar som har spela for Sevilla. Han har òg landskampar for Spania. Navas var med på å vinna UEFA-cupen med Sevilla i 2006 og 2007.

Jesús Navas
Navas.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Jesús Navas González
Fødd 21. november 1985
Fødestad Los Palacios y Villafranca i Spania
Høgd 170 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sevilla
Nummer 7
Ungdomsklubbar
1998-2000
2000-03
Spania Los Palacios
Spania Sevilla
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003- Spania Sevilla 196 (17)
Landslag
2004-05
2009-
Spania Spania U21
Spania Spania
5 (0)
9 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. juli 2010

Navas lir av kronisk heimlengt og panikkanfall i så sterk grad at han har forlate treningsleirar som har vore for langt borte frå Sevilla og har vore open om dette.[1][2][3] Han vart rekna som ein lovande landslagsspelar på U21-nivå, men måtte gi seg med landslagsspel på grunn av angstproblema. I august 2009 kunngjorde han at han ville freista å overvinna desse problema for å kunne spela landslagsfotball, og han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein heimekamp mot Argentina. Han vart teken ut til fotball-VM i 2010 i Sør-Afrika, og skåra det første landslagsmålet sitt i ein oppvarmingskamp mot Sør-Korea før VM, 3. juni 2010. Under sjølve turneringa starta han kampen mot Honduras i gruppespelet og kom inn som innbytar i gruppekampen mot Sveits og finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar.

FotnotarEndra

  1. Wenger may gamble on nervy Navas; Mirror Football, 21. november 2006
  2. «World Cup 2010: Jesus Navas delighted to score his first for Spain». The Daily Telegraph. 4. juni 2010. Henta 12. juli 2010. 
  3. «Jesus Navas gets a call up for Espana». La Liga Weekly. 13. november 2009. Henta 12. juli 2010.