Jiří Holík (fødd 9. juli 1944) er ein tsjekkoslovakisk ishockeyspelar frå Havlíčkův som vart verdsmeister 1972, 1976 og 1977.

Jiří Holík
Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 9. juli 1944 (79 år)
Havlíčkův Brod
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Kamenná medaile Kraje Vysočina, Masarykuniversitetets gullmedalje

Klubbspel endre

I 1963 byrja Holík på militærtenesta. Han tok då til å spele på Dukla Jihlava, hæren sitt idrettslag. Dei neste 15 år tente han laget. Med Jihlava vann han sju ligapokalar, seks samanhangande åra 1967-72 og den siste i 1974. I 1978 flytta han til Tyskland og var aktiv to sesongar i SB Rosenheim, før han flytta til Wien i Austerrike, der han etter tur spelte for WAT Stadlau og Wiener EV fram til han la opp i 1985.

Landslagsspel endre

Holík deltok i samtlege fire OL-turneringar i tida 1964-76 og vann medalje i alle. I 1964 og 1972 fekk han bronse, i 1968 og 1976 tok han og lagkameratane sølv. Frå 1965 til 1977 spelte han kvart år på VM-laget til Tsjekkoslovakia og vart verdsmeister i 1972 i Praha, 1976 i Katowice og 1977 i Wien.

Gjennom 319 landskampar skåra Holík 132 mål for Tsjekkoslovakia, einast to spelarar har spelt fleire internasjonale kampar. Han er eller den spelaren som har flest kampar i verdsmeisterskap.

Kjelder endre