Jiella
Jiella er eit band frå Utsjok i Finland som speler popmusikk og syng på nordsamisk. Jiella var ei føregangsgruppe innan moderniseringa av den tradisjonelle luohti-musikken til samar frå Teno,[2] då dei byrja å ta inn moderne vestlege musikkelement som pop[2] og disco[2] i den tradisjonelle joiken.[3]
Jiella | |||
Aktiv | 1990-talet til 2006[1] | ||
---|---|---|---|
Plateselskap |
| ||
Medlemmer |
| ||
Tidlegare medlemmer |
|
Soga til Jiella byrja på midten av 1990-talet,[2] då Niilo Rasmus danna ei gruppe saman med to av dei fire døtrene sine, Eeva-Liisa og Jenna. I 1999 opptredde dei for fyrste gong offentleg med songar han hadde skrive.[4] På dette tidspunktet var bandet kjent som «Niilo ja nieiddat» (Niilo og døtrene hans).[3][4] Seinare endra bandet namn til Jiella, som tyder 'lett bris' på nordsamisk.[2][5][6] Ei tredje syster, Mia, blei også med i gruppa.[2]
Under den samiske påskefeiringa i 2002 deltok Jiella i song-kategorien av Sámi Grand Prix med songen «Čeavli» ('Arroganse')[7] I desember same året gav gurppa ut det fyrste albumet sitt, Gosnu ('Einstad'). Dette er det einaste albumet Mia Rasmus syng på. Songar frå albumet blei mykje spelt på samiske radiostasjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.[8]
Det andre albumet deira, Eallinbálgát ('Livsvegar'), kom ut fire år seinare, den 8. juli 2006. Dei fleste songane på dette albumet var skrivne av Niilo Rasmus,men joiken «Olát» var skriven saman med Ilmari Rasmus og teksten til songane «Amma ealát fámolaččat», «Dovddatgo ruonas hája» og «Čakčamodji sániid» var skrivne av diktaren Inger-Mari Aikio-Arianaick.
I tillegg til på sine eigne album har Jiella også opptredd på albumet til Sámi Grand Prix 2002[2] og på Inger-Mari Aikio-Arianaick sitt album med barnesongar, Ima ipmašat - mánáidlávlagat, frå 2007.[2][9][10]
Medlemmer
endre- Niilo Rasmus – instrument, vokal
- Eeva-Liisa Rasmus – vokal
- Jenna Rasmus – vokal
Diskografi
endre- Gosnu (2002)
- Eallinbálgát (2006)
Kjelder
endre- ↑ «Jiella». PopuLappi (på finsk). Rovaniemi City Library. Henta 1. mai 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Hirvasvuopio-Laiti, Annukka (2008). Gárddi luhtte lávddi ala – Poroaidalta esiintymislavalle Saamelaiset elementit tenonsaamelaisessa musiikissa kolmen sukupolven aikana. (Thesis) (på finsk). University of Tampere. Henta 28. august 2019.
- ↑ 3,0 3,1 Lehtola, Jorma (2007). Laulujen Lappi. Tarinoita haavemaasta (på finsk). Jyväskylä: Kustannus-Puntsi. s. 346. ISBN 978-952-5343-33-5.
- ↑ 4,0 4,1 Hætta, Wenche Marie (21. april 2008). «Bearaš-joavku Jiella» [Family band Jiella]. NRK Sápmi (på nordsamisk) (Kárášjohka). Henta 29. august 2019.
- ↑ «jiella». kaino.kotus.fi (på nordsamisk). Henta August 29, 2019.
- ↑ Juntto, Anssi (15. september 2006). «Perhe yhdistää Jiellaa» [Family band Jiella]. Kaleva (på finsk) (Oulu). Henta 29. august 2019.
- ↑ Hætta, Wenche Marie (29. mars 2007). «Hvem-Hva-Når om Sámi Grand Prix» [Who-What-When at the Sámi Grand Prix]. NRK Sápmi (på norsk). Karasjok. Henta 29. august 2019.
- ↑ Pulk, Åse (2. februar 2007). «Sámi krimromána árvvoštallojuvvo». NRK Sápmi (på nordsamisk) (Kárášjohka). Henta 29. august 2019.
- ↑ «Ima ipmašat Mánáidlávlagat». Saemien learoevierhtieh gaskeviermesne (på sørsamisk). Henta 29. august 2019.
- ↑ Guttorm, Kjell Are (17. desember 2007). «Beakkánat mielde ođđa CD:s» [Famous people on a new CD]. NRK Sápmi (på nordsamisk) (Kárášjohka). Henta 29. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Jiella» frå Wikipedia på bokmål, og «Jiella» frå Wikipedia på engelsk den 1. mai 2022.