Opna hovudmenyen

James McCulloch (4. juni 195327. september 1979) var ein britisk musikar og låtskrivar, mest kjend for å spele sologitar og bass, som medlem av Paul McCartney sitt Wings frå 1974 til 1977. McCulloch var medlem av det psykedeliske bandet One in a Million frå Glasgow, Thunderclap Newman og Stone the Crows.[1]

Jimmy McCulloch
Jimmy McCulloch - Wings - 1976.jpg
McCulloch på scenen med Wings i 1976
Fødd4. juni 1953(1953-06-04)
FødestadDumbarton i Skottland
Død27. september 1979 (26 år)
DødsstadMaida Vale i London
OpphavStorbritannia, Skottland
Aktiv1967–1979
SjangerRock, hardrock
InstrumentVokal, gitar, bass
Tilknytte artistarOne in a Million, Wings, Thunderclap Newman, Stone the Crows, Small Faces, The Dukes, Blue
Verka somMusikar, låtskrivar

McCulloch spelte på mange andre album, som John Entwistle sitt Whistle Rymes i 1972, og som sologitarist i lag med Peter Frampton på «Apron Strings» og I Feel Better. McCulloch spelte òg gitar på Roger Daltrey sitt One of the Boys som kom ut i 1977. McCulloch var ein ven av The Who og medlem av bandet Thunderclap Newman, som vart skapt og produsert av mentoren hans, Pete Townshend. 11 år gammal fekk han òg gitartimar hos The Shadows-gitaristen Hank Marvin. Broren hans er trommeslagaren Jack McCulloch.

Den 27. september 1979 vart McCulloch funnen død av broren i leilegheita si i Maida Vale i London.[2] Ein obduksjon synte at han døydde av hjartesvikt på grunn av morfin- og alkoholforgifting.[3] Han vart berre 26 år gammal, men var aldri kjend for misbruke narkotika.[4]

KjelderEndra

  1. ««Jimmy McCulloch» by Miguel Terol». The Musikars' Olympus. 11. november 1997. Arkivert frå originalen 18. desember 2007. Henta 20. mai 2018. 
  2. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 121
  3. Doc Rock. «The 1970s». The Dead Rock Stars Club. Henta 20. mai 2018. 
  4. Peter Ames Carlin (2009). Paul McCartney: A Life. Simon & Schuster. s. 248. ISBN 978-1-4165-6209-2. 

BakgrunnsstoffEndra