Jinan
Jinan er ein kinesisk by som er provinshovudstad i Shandong. Han ligg på sørbreidda av Huang He.
kinesisk 濟南 (pinyin Jǐnán) | |
---|---|
Andre namn | Chi-nan, Tsinan |
Styresmakter | |
Land Provins |
Kina Shandong |
Geografi | |
Innbyggjarar | 1 917 200 |
Innbyggjarar - By (2019; 2020) |
7 967 400,[1] 9 202 432 |
Høgd over havet | 23 m |
Tidssone | UTC+8 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.jinan.gov.cn | |
Plassering | |
Jinan er eit viktig administrativt senter. Han har ein god del industri som omfattar produksjon av tyngre køyretøy (som lastebilar og vegmaskiner), jern- og stålindustri (råjern, stålwire, jernbaneskjenar), tekstilindustri, kornmøller og annan næringsmiddelindustri. Jinan er jernbaneknutepunkt på hovudbanen Beijing–Shanghai, med sidebane til hamnebyen Qingdao.
Byen er òg eit gammalt kultursenter med tempel, konfutsiansk bibliotek, provinsmuseum og eit stort universitet.
Historie
endreJinan har vore provinshovudstad sidan mellomalderen. Rundt 1900 blei han opna for utanlandsk handel (først med tyskarar og seinare japanarar. Han var under japansk okkupasjon 1937–45, og var under den kinesiske borgarkrigen åstad for harde kampar før han blei teken av kommunistane i 1948.
Jinan ligg ved nordskråningen av det Taifjellet (Tai Shan), ein av dei fem heilage fjelltoppane i taoismen. Fjellet er rekna som verdsarv av UNESCO.
Longshan, 30 km aust for byen, var senter for den 5000 år gamle Longshan-kulturen.
Styresmakter
endreLeiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Wang Zhonglin, og borgarmeisteren er Sun Shutao (2019).
Kjelder
endre«Jinan» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.