Joan Baez in Concert, Part 2
Joan Baez in Concert, Part 2 Konsertalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1963 | |
Innspelt | April-mai 1963 på ein amerikansk turné | |
Sjanger | Viser | |
Lengd | 48:00 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Maynard Solomon | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Joan Baez in Concert (1962) |
Joan Baez in Concert, Part 2 | Joan Baez/5 (1964)
|
Joan Baez in Concert, Part 2 var det andre konsertalbumet til Joan Baez, spelt inn under turneen hennar i USA tidleg i 1963. Albumet nådde sjuandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie
endreIn Concert, Part 2 er det første Baez-albumet med songar av Bob Dylan: «Don't Think Twice It's Alright» og «With God on Our Side» (i følgje Baez den første Dylan-songen ho lærte seg). Innspelinga hennar av «We Shall Overcome» vart spelt inn i Miles College i Birmingham i Alabama same dagen som massearrestasjonane av borgarrettsdemonstrantane i mai 1963.
Teksten på plateomslaget inneheld eit dikt av Bob Dylan utan tittel, med det gjentakande temaet «An' I walked my road an' sung my song», som refererer til forholdet mellom dei to.
På den originale vinylutgåva til Vanguard hadde stereo- og monoutgåva[1][2] forskjellig innhald. Songen «With God on Our Side» frå stereoutgåva, var ikkje med på monoutgåva. I staden for hadde monoutgåva «Railroad Bill» og «Rambler Gambler».
I 1988 gav Vanguard ut det meste av Part 2 i lag med det meste av Part 1 på ein enkel CD kalla Joan Baez in Concert (det var ikkje plass til begge albuma på ein enkel CD).
Ei utgåve frå Vanguard frå 2002 inneheld alle songane frå stereo- og monoutgåvene, i tillegg til tre bonusspor som ikkje var gjeven ut før: «Death of Emmett Till,» «Tomorrow is a Long Time» og «When First Unto This Country A Stranger I Came.»[3]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
I meldinga si for Allmusic skreiv Richie Unterberger om album «Repertoaret hennar utvikla seg frå reint tradisjonelle viser til å dekke songar av moderne visesongarar. Endringa var likevel ikkje så radikal at ho framandgjorde fansen sin, og albumet inneheld framleis mange tradisjonelle viser av typen som lanserte karrieren hennar. Å spele nye songar gjorde mykje for å hindre at ho fall inn på «maiden-of-constant-sorrow»-sporet.»[4]
Innhald
endreAlle songane er tradisjonelle utanom der andre er nemnde.
Original stereoutgåve
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Once I Had a Sweetheart» | 3:12 | |
2. | «Jack-a-Roe» | 3:06 | |
3. | «Don't Think Twice It's Alright» | Bob Dylan | 3:11 |
4. | «We Shall Overcome» | Guy Carawan, Lee Hamilton, Zilphia Horton, Pete Seeger | 3:31 |
5. | «Portland Town» | Derroll Adams | 2:48 |
6. | «Queen of Hearts» | 2:31 | |
7. | «Manhã de Carnaval (Morning of Carnival) / Te Ador (I Adore You)» | Luiz Bonfá, Antônio Maria / Tradisjonell | 4:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Long Black Veil» | Marijohn Wilkin, Horace Eldred Danny Dill | 3:05 |
9. | «Fennario» | 4:01 | |
10. | «'Nu Bello Cardillo (The Beautiful Goldfinch)» | 2:57 | |
11. | «With God on Our Side» (berre stereoutgåva) | Bob Dylan | 6:14 |
12. | «Three Fishers» | John Pyke Hullah, Charles Kingsley | 2:45 |
13. | «Hush Little Baby» | 1:25 | |
14. | «Battle Hymn of the Republic» | Julia Ward Howe | 3:24 |
Original monoutgåve
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Once I Had a Sweetheart» | 3:12 |
2. | «JackaRoe» | 3:06 |
3. | «Don't Think Twice It's Alright (Bob Dylan)» | 3:11 |
4. | «We Shall Overcome (Guy Carawan, Lee Hamilton, Zilphia Horton, Pete Seeger)» | 3:31 |
5. | «Portland Town (Derroll Adams)» | 2:48 |
6. | «Queen of Hearts» | 2:31 |
7. | «Manhã de Carnaval (Morning of Carnival) / Te Ador (I Adore You) (Luiz Bonfá, Antônio Maria / Traditional)» | 4:50 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Long Black Veil (Marijohn Wilkin, Horace Eldred Danny Dill)» | 3:05 |
9. | «Railroad Bill» (berre monoutgåva) | 2:08 |
10. | «Rambler, Gambler» (berre monoutgåva) | 2:05 |
11. | «Fennario» | 4:01 |
12. | «'Nu Bello Cardillo (The Beautiful Goldfinch)» | 2:57 |
13. | «Three Fishers (John Pyke Hullah, Charles Kingsley)» | 2:45 |
14. | «Hush Little Baby» | 1:25 |
15. | «Battle Hymn of the Republic (Julia Ward Howe)» | 3:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
16. | «The Death of Emmett Till» | Bob Dylan | 3:53 |
17. | «Tomorrow is a Long Time» | Bob Dylan | 3:14 |
18. | «When First Unto This Country A Stranger I Came» | 2:46 |
Medverkande
endre- Joan Baez – vokal, akustisk gitar
- Reice Hamel - lydteknikar
Salslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1964 | Billboard Pop Albums | 7 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joan Baez in Concert, Part 2» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Release« Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018.
- ↑ «Release «Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018.
- ↑ «Release «Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018.
- ↑ 4,0 4,1 Unterberger, Richie. «Joan Baez in Concert, Part 2 > Review». Allmusic. Henta 13. oktober 2018.