Joan Baez/5
Studioalbum av Joan Baez
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1964
Innspelt 1964
Sjanger Viser
Lengd 41:17
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi 
Joan Baez in Concert, Part 2
(1963)
Joan Baez/5 Farewell, Angelina
(1965)


Joan Baez/5 er eit studioalbum frå 1964 av den amerikanske visesongaren Joan Baez. Det nådde 12. plassen på Billboard 200-lista. Singelen «There But for Fortune» nådde 50. plassen på Billboard Hot 100 i i USA og vart ein topp 10-singel i Storbritannia.

Historie

endre

I motsetnad til dei tidlegare albuma hennar, var Joan Baez/5 delt jamt mellom moderne songar og tradisjonelle viser. «There But for Fortune» var skriven av Phil Ochs, og ho tok òg med Bob Dylan sin «It Ain't Me Babe» og Johnny Cash sin «I Still Miss Someone», i tillegg til fleire tradisjonelle engelske og amerikanske folkeviser. Regissøren Spike Lee nytta Baez si utgåve av Richard Fariña sin «Birmingham Sunday» (om bombinga av 16th Street Baptist Church i 1963, der fire unge afroamerikanske jenter mista livet) i dokumentarfilmen 4 Little Girls frå 1997.

Teksten i omslaget var skriven av Langston Hughes.

Vanguard-utgåva frå 2002 inneheld to bonusspor: «Tramp on the Street» og «Long Black Veil».

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder om dei forskjellige sjangrane Baez no utforska. Han skreiv at albumet «var der musikken til songaren blømde kraftig for første gongen. Etter å ha brukt opp dei beste av dei tradisjonelle songane i repertoaret hennar på dei fire tidlegare albuma, utvida Baez her musikken hennar, og opna opp nokre lovande, nye territorium i prosessen».[1]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«There but for Fortune»Phil Ochs3:11
2.«Stewball»Ralph Rinzler, Bob Yellin, John Herald2:57
3.«It Ain't Me Babe»Bob Dylan3:16
4.«The Death of Queen Jane»Tradisjonell, Child nr. 1703:56
5.«Bachianas Brasileiras No. 5: Aria»Heitor Villa-Lobos6:32
6.«Go 'Way from My Window»Tradisjonell, arr. John Jacob Niles2:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«I Still Miss Someone»Johnny Cash, Roy Cash Jr.3:10
8.«When You Hear Them Cuckoos Hollerin'»Tradisjonell2:45
9.«Birmingham Sunday»Richard Fariña3:58
10.«So We'll Go No More A-Roving»Richard Dyer-Bennet, Lord Byron1:42
11.«O' Cangaceiro (The Bandit)»Alfredo Ricardo do Nascimento2:18
12.«The Unquiet Grave»Tradisjonell (Child nr. 784:19
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Tramp on the Street»Grady Cole, Hazel Cole3:59
14.«Long Black Veil»Marijohn Wilkin, Horace Eldred Danny Dill2:42

Medverkande

endre
  • Joan Baez – vokal, gitar
  • David Soyer – cello
  • Gino Foreman - gitar

Salslister

endre
Liste (1964) Plassering
Britiske album (OCC)[2] 3
US Billboard 200[3] 12

Kjelder

endre