Alicia Christian «Jodie» Foster (fødd 19. november 1962) er ein amerikansk skodespelar, filmprodusent og filmregissør.

Jodie Foster

Fødd19. november 1962 (61 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnAlicia Christian Foster
Aktive år1968–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, filmprodusent, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterprodusent, ansvarlig produsent, fjernsynsprodusent
MorBrandy Almond
FarLucius Fisher Foster
EktefelleAlexandra Hedison
PrisarCecil B. DeMille Award, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Golden Globe, Saturn Award, Screen Actors Guild Award, BAFTA Award for Most Promising Newcomer to Leading Film Roles, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, David di Donatello-prisen for beste utenlandske kvinnelige skuespiller, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, David di Donatello-prisen for beste utenlandske kvinnelige skuespiller, Independent Spirit Award for Best Female Lead, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role, Saturn Award for Best Actress, Crystal Award, European Film Award – Jameson People's Choice Award – Best Actress, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Mary Pickford Award, Sitges Grand Honorary Award, Hasty Pudding Woman of the Year

Liv og virke endre

Ho spelte i reklamefilmar då ho var tre år, men fekk gjennombrotet sitt som barnestjerne i 1970-åra med filmar som Alice bor her ikke lenger (1974), Å, for en fredag (1976), Bugsy Malone (1976) og Den lille piken nederst i veien (1976), som gav henne ein Saturn-pris for beste kvinnelege hovudrolle. Ho vart spesielt kjend for rolla som ein barneprostituert i thrilleren Taxi Driver (1976), der ho vart nominert til Oscar-prisen for beste kvinnelege birolle.

I 1980-åra spelte ho mellom anna i filmane Fra lek til alvor (1980), Hotel New Hampshire (1984) og Siesta (1987). I 1989 vann ho ei rekkje bransjeprisar for rolla som voldtekstofferet Sarah Tobias i dramafilmen De tiltalte, mellom anna Oscar for beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann den same bransjeprisen i 1992 for rolleskildringa av FBI-lærlingen Clarice Starling i skrekkfilmen Nattsvermeren, som er basert på boka til Thomas Harris. I løpet av 1990-åra hadde Foster òg roller i filmane Skygger og tåke (1991), Maverick (1994), Nell (1994), Kontakt (1997) og Anna og kongen (1999).

Ho har òg spelt i filmane Panic Room (2002), En langvarig forlovelse (2004), Flightplan (2005), Inside Man (2006), The Brave One (2007), Blodig alvor – Carnage (2011) og Elysium (2013). Foster har vorte nominerte til Golden Globe-prisen sju gonger og vunne to gonger. I 2013 vann ho æresprisen Cecil B. DeMille Award for sitt «framifrå bidrag til underhaldningsverda». I tillegg til dette har ho vunne éin Screen Actors Guild Award, tre BAFTA-prisar og to Saturn Awards.

Foster debuterte som filmregissør med dramafilmen Little Man Tate i 1991 og har sidan regissert spelefilmane Home for the Holidays (1995), The Beaver (2011) og Money Monster (2016). Ho har òg regissert ein episode av skrekkserien Tales from the Darkside (1988), to episodar av komedieserien Orange Is the New Black (2013–2014) og ein episode av dramaserien House of Cards (2014). Foster har vorte nominerte til to Primetime Emmy Awards for arbeidet på fjernsyn.

 
Foster (til høgre) halden tale ved avgangsfesten til elevar ved University of Pennsylvania i mai 2006; her med rektoren Amy Gutmann.
Foto: Jack Duval

Prisar og utmerkingar endre

Foster har fått fire Oscar-nominasjonar for prestasjonane i Taxisjåføren, De tiltalte, Nattsvermeren og Nell, ho vann prisen for De tiltalte og Nattsvermeren. Ho har òg fått sju Golden Globe-nominasjonar, i tillegg til å ha vunne to. I 2013 vann ho Golden Globes heiderspris Cecil B. DeMille Award for sitt «framifrå bidrag til underhaldningsverda». Foster har elles vunne tre BAFTA-prisar for rolleskildringane i Taxisjåføren, Bugsy Malone og Nattsvermeren, og to Saturn Awards for innsatsen i filmane Den lille piken nederst i veien og Kontakt. Ho har òg vunne ein Screen Actors Guild Award for rolletolkinga i Nell og har fått to Primetime Emmy Awards-nominasjonar for arbeidet som høvesvis produsent og regissør for The Baby Dance og ein episode av Orange Is the New Black.

Filmografi (utval) endre

  • 1974 – Alice bor her ikke lenger – Audrey
  • 1976 – Taxisjåføren – Iris Steensman
  • 1976 – Å, for en fredag – Annabel Andrews
  • 1976 – Den lille piken nederst i veien – Rynn Jacobs
  • 1976 – Bugsy Malone – Tallulah
  • 1988 – De tiltalte – Sarah Tobias
  • 1991 – Nattsvermeren – Clarice Starling
  • 1991 – Little Man Tate – Dede (også regissør)
  • 1994 – Maverick – Annabelle Bransford
  • 1994 – Nell – Nell
  • 1997 – Kontakt – Dr. Eleanor «Ellie» Arroway
  • 1999 – Anna og Kongen – Anna
  • 2002 – Panic Room – Meg Altman
  • 2005 – Flightplan – Kyle Pratt
  • 2006 – Inside Man – Madeliene White
  • 2007 – The Brave One – Erica
  • 2008 – Nims hemmelige øy – Alexandra Rover
  • 2011 – Blodig alvor – Carnage – Penelope Longstreet
  • 2011 – The Beaver – Meredith Black (også regissør)
  • 2013 – Elysium – Secretary Rhodes
  • 2016 – Money Monster (regissør)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre