Joe B. Mauldin

amerikansk musikar

Joseph Benson Mauldin jr. (8. juli 19407. februar 2015)[1][2] var ein USA-amerikansk bassist, låtskrivar og lydteknikar som var mest kjend som bassist i den tidlege rock and roll-gruppa The Crickets. Mauldin spelte opphavleg kontrabass, men byta seinare til ein Fender Precision-bassgitar. Etter fleire år med The Crickets, vart han lydteknikar i Gold Star Studios, eit studio i Los Angeles som vart ein «hit-fabrikk» for Phil Spector, Brian Wilson og fleire andre rockestjerner i 1960-åra.

Joe B. Mauldin

Buddy Holly and The Crickets (øvst til nedst: Allison, Holly og Mauldin), 1958
Fødd8. juli 1940(1940-07-08)
FødestadLubbock i Texas i USA
Død7. februar 2015 (74 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnJoseph Benson Mauldin, Jr.
OpphavUSA
SjangerRock and roll
InstrumentKontra bass og Fender Precision-bass
Tilknytte artistarBuddy Holly
Verka somMusikar, låtskrivar, lydteknikar

Mauldin vart innlema i West Texas Walk of Fame i Lubbock og Musicians Hall of Fame and Museum i Nashville i Tennessee, som originalt medlem av The Crickets. I 2012 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Mauldin døydde av kreft i Nashville i Tennessee, 74 år gammal.[3][4]

Kjelder

endre
  1. Leahey, Andrew (February 10, 2015). «Joe B. Mauldin, Bassist for Buddy Holly and the Crickets, Dead at 74». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. februar 2018. Henta 8. februar 2018. 
  2. Thanki, Juli (February 7, 2015). «Crickets bass player Joe B. Mauldin, 74, dies». The Tennessean. Henta 8. februar 2018. 
  3. Chawkins, Steve (February 10, 2015). «Joe B. Mauldin, bass player for Buddy Holly and Crickets, dies at 74». Los Angeles Times. 
  4. Rafique, Sarah (February 7, 2015). «Crickets bassist Joe B. Mauldin remembered as 'gentle soul'». Lubbock Avalanche-Journal. 

Bakgrunnsstoff

endre